Høg puls gir betre læring
Hjernen din hugsar ei rørsle betre dersom du får opp pulsen i nokre få minutt etter å ha trena på rørsla.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det viser ny forsking frå Institut for Idræt ved Københavns Universitet i Danmark, skriv Forskning.no.
– Driv du intens fysisk aktivitet, for eksempel sykling, etter å ha lært ei motorisk oppgåve, presterer du betre i same oppgåve sju dagar seinare, fortel Kasper Skiver, doktorgradsstudent ved Københavns Universitet.
Forsøket som førte til konklusjonen, gjekk ut på å teikne ein figur på ein dataskjerm, etterfølgt av intervalltrening på ergometersykkel for ein del av forsøksgruppa.
– Vi manglar framleis ein del forsking, men vi håpar at resultata kan hjelpe personar som skal trenast opp etter ei ulykke eller eit slag. Eller barn med medfødt hjerneskade, seier Skiver. (©NPK)