Her er Listhaug-protesten som fenger landet

Dei håpa på eit par hundre treff på YouTube. No har over 140 000 sett hyllesten til den norske bonden.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Listhaug-protest fenger landet

Koret, som er sett saman av studentar på Noregs miljø- og biovitskaplege universitet i Ås, har laga fleire liknande videoar før, men det var med krass kritikk av regjeringa og landbrukspolitikken dei fekk suksess.

LES OGSÅ: Odelsjenta får ikkje garden

Pikekoret Ivar (Intense Voluminøse Amorøse Røyer) spelte inn videoen på ein Horgen gard i Akershus, og ifølgje SeDenne.no tok sjølv innspelinga berre nokre få timar. At akkurat denne videoen skulle slå så godt an, var ikkje koret budd på.

– Me har lagt ut mange songar på YouTube tidlegare, men trudde kanskje at denne ville nå ut til nokre hundre fleire personar sidan temaet var nasjonalt. Me trudde rett nok ikkje at responsen skulle bli så stor, seier Helene Meltzer, som syng i koret, til SeDenne.

Sjå videoen her!

LES OGSÅ: Ein ung potetentusiast