Held fast på tradisjonane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lars Erik Øygarden har fleecejakke, olabukse og 25 år på baken. I handa held han ei gamal felekasse, dekorert med bilete av alvorlege spelemenn i svart/kvitt. Jau då, det finst kontrastar i livet til den unge leiaren i Falkeriset folkemusikklag.

Sjølv om det sannsynlegvis finst lite empiri på området, kan det nok vera mogleg å slå fast at det er få leiarar i spelemannslag som er under 30 år. Lars Erik Øygarden er eit unntak. Men sjølv synest han ikkje han er spesielt ung til å ha eit slikt verv. 

– Tja. Far min var vel eitt år eldre då han blei leiar. Men eg er vel kanskje den yngste? Eg er no i bygdi no, og hadde høve. Eg driv såpass mykje med dette uansett, så då kunne eg like godt ta på meg oppgåva, seier den stillfarne spelemannen.

Øygarden brenn for folkemusikken. Han har jamt gjort det. Kanskje ikkje så rart, eigentleg: 

– Eg har alltid høyrd felemusikk, med ein spelemann til far. Då eg var seks, starta eg å spela sjølv, seier Lars Erik. 

Faren Arne Øygarden er eit førebilete for sonen når det gjeld folkemusikken og felespelet. I felekassa si har Lars Erik ei fele frå 1949, som han har overteke etter nettopp faren. Den andre fela, favoritten, er frå 1877. Tidlegare var det vanleg å ha kvinnenamn på fela si. Jørgen Tjønnstaul hadde si Veslemøy. Men Lars Erik har ikkje namn på felene sine enno, sjølv om han let seg inspirere av Tjønnstaulen på andre måtar.

– Ei inspirasjonskjelde er han absolutt. Men kanskje ikkje eit førebilete, smiler Lars Erik. 

Spel og skravling 
Men det er ikkje Jørgen Tjønnstaul det skal handle om no. Det er den langt meir levande leiaren i Falkeriset folkemusikklag. 

– Det me gjer i laget er fyrst og fremst berre å koma i lag, spela, danse og ha det moro. Når me har speleøvingar kan me fort finne på å sitje og prate like mykje som me spelar. Det er svært sosialt. 

Lars Erik har ikkje planar om å revolusjonere laget. Visjonar er ikkje eit tema han har brukt mykje energi på å tenkje på. 

– He he. Visjonar. Må eg ha det? Lars Erik smiler beskjeden.

– Det viktigaste er å halde laget i gang, og skape aktivitet. Me må få ting til å skje. Og så er det viktig å vera opne for alle. Me har danseøvingar kvar sundag, og der er det berre å koma for alle som vil. Ein treng ikkje ha trødd så mykje som eit steg før, for å møte opp der og vera med. 

Tradisjonsberar 
At Lars Erik er ung, gjer likevel ikkje at han er oppteken av å gje folkemusikklaget nokon yngre og hippare profil. 

– Eg har ingen visjon om å innføre noko nytt. Det viktige er at folkekulturen ikkje skal forsvinne. Det er liksom fyrsteprioriteten. Dei lokale tradisjonane er viktige – me spelar slåttar frå lokale spelemenn, og dansar på den lokale dansedialekten, forklarar han.

– Dansar du sjølv? 

Lars Erik dreg på det.

– Nja. Eg prøvar no av og til. Ein plukkar opp eit par triks når ein sit og spelar til dans i timevis. 

Filial i Bø 
I år deltok han i landskappleiken for fyrste gong. Han har vore til stades på landskappleikar sidan han var bitte liten, men i Seljord var fyrste gong han stod på scenen sjølv. 
– Ja visst var det moro. Eg var nervøs, men det gjekk fint. Det blei ei god oppleving, seier han nøkternt. 

Kappleikane er viktige for folkemusikarane. Falkeriset markerte seg stort, kan den stolte leiaren fortelje. 

– Ottar Kåsa vann som kjent kongepokalen, og han representerer Falkeriset.

– Så han har ikkje meldt overgang til Bøheringen no når han bur i Bø?

– Å neineinei. Men me vurderar å etablere Falkeriset folkemusikklag avdeling Bø. Opne ein liten filial der nede, seier han lurt.

Oppblomstring blant unge 
Då Lars Erik gjekk på ungdomsskulen, var det ikkje så mange på hans alder som dreiv med folkemusikk. Dei siste åra har folkemusikken fått ei oppblomstring både i popularitet og status, mykje takka vera aktørar som Frikar, Valkyrien Allstars og Odd Nordstoga. 

– Stadig fleire element frå folkemusikken blir henta inn i annan musikk. Det kjem inn meir og meir – det blir meir husvarmt, på ein måte. Men me som held på med folkemusikk har halde på med det heile tida, så det har ikkje vore nokon statusendring i miljøet, vil eg seia. Me er eigentleg berre glade me kan halde på med det me gjer, slår han fast.

Frikareffekten merka laget i januar. Då arrangerte Falkeriset dansekurs for born og vaksne, der dei samla 25 deltakarar. Sigbjørn Rua frå Frikar instruerte dei yngste i halling, medan lokale utøvarar heldt gangar- og springarkurs for ungdom og vaksne. 

– Me var utruleg glade for at så mange viste interesse, og vil arrangere både oppfylgingskurs og nye kurs, no når me såg kor populært det blei. Me fekk støtte frå Norsk musikkråd til å halde kursa, og håpar dei vil støtte liknande tiltak seinare. Det har mykje å seia for rekrutteringa, seier Lars Erik. 

Kan smette inn Johnny 
Folkemusikkmiljøet er eit ope miljø med mange trivelege og engasjerte folk, kan Lars Erik fortelja.

– Bror min seier at folkemusikkinteresserte er meir engasjerte enn dei hardaste rockeentusiastane, for han veit knapt om nokon rockarar som reiser så mykje land og strand rundt for å vera på konsertar, kappleikar og stemne, som det me gjer. He he. Me likar det så godt, så me vil prøve å få med oss så mykje av det som råd, forklarar han. 

Men kan ein så hardbarka folkemusikkentusiast høyre på anna musikk? 

– Jadå – Lars Erik nølar –
– Men kanskje ikkje så mykje populærmusikk. Eg kjem ikkje heilt på noko å seia om musikksmaken min utanom folkemusikken no, ler han.

– Dersom de samlast ein kameratgjeng ein kveld for å ta eit par øl, er det folkemusikk du set på då? 

– Det er vel ikkje heilt utenkjeleg, det. Men det er også veldig fort at eg set på Johnny Cash. Viss kameratane mine skal høyre på folkemusikk, synest dei nok det er litt meir stas om eg spelar. Eg er ikkje så vond å be om eg får spørsmål om å ta fram hardingfela på fest, ler han forsiktig. 

Han tør altså det – å ta fram fela frå 1877 i festlege lag. Verdien kan nesten ikkje målast i pengar, og Lars Erik vil slett ikkje ut med kva han gav for ho. Men ho var verdt kvar krone. 

Han berre fnyser av spørsmål om han har mista ho i golvet nokon gong. Det er uhøyrd.

– Men den førre eigaren hadde gjort det, så Ottar Kåsa har reparert ho. Loket var sprukke i tri delar. Så det meste kan eigentleg fiksast, seier han, og legg til at han ikkje er redd for å la folk sjå på og prøve godfela. 

– Men eg må vel seia at eg fylgjer ekstra godt med viss det er ein ikkje-spelemann som held i fela. 

Ho er liksom babyen hans. 

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!