– Har ein ikkje dårleg tid, er det noko gale

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spelefilm som mastergrad

I fem veker har ni studentar jobba som gale. Heftige locations. Innspelingsdagar på mellom tolv og sytten timar og ein fridag i veka.

Det er beinhard jobbing for masterstudentane i film og videoproduksjon ved NTNU i Trondheim. Dei er dei første som lagar ein heil spelefilm som ein del av sin universitetsgrad.

LES OGSÅ: Hobbiten – frå tynn bok til triologi på ni timar

Stramt budsjett
Mykje står att før filmen skal vere ferdig i april-mai. Rundt 35 timar råmateriale skal klippast ned til mellom 80 og 90 minutt. Fargar skal korrigerast og lyd fiksast. Kanskje vert det nokre spesialeffektar.

Det er ikkje mykje pengar att i kassa. Heile budsjettet på 105.000 kroner var borte då dei fem intensive innspelingsvekene og nokre ekstraopptak var ferdige.

– Det er ikkje mykje i spelefilmsamanheng, spesielt når ein har med monster, seier regissør Astrid Thorvaldsen.

LES OGSÅ: Filmsensuren fyller 100 år

Saka fortset under biletet.


Astrid Thorvaldsen drøymer om å verte regissør på heiltid. Foto: Jernharen.com

Utburd på hyttetur
Dei leigde inn ein sminkør frå Osloområdet til dei tre utburda. Dei er sentrale i filmen, som regissøren skildrar som eit horrordrama med eit klassisk utgongspunkt. Fem ungdommar på ein hyttetur. Ting skjer.

Utburd er arbeidstittelen, saman med Jernharen. Sjølv om det ikkje vert endeleg avklart, vert den endelege tittelen høgst sannsynleg Utburd.

Heile førre skuleår vart nytta til idéutvikling, manusskriving og forarbeid. Etter at dei bestemte seg for manuset skriven av student Jonas Langset Hustad, som òg har ei av hovudrollene i filmen fall rollene på plass. Tre fotografar, to klipparar, ein lydmann og ein produsent. Òg regissøren.

–Det er litt ekstra stas å få den rolla, medgjev Thorvaldsen, som har regissert fleire kortfilmar før.

Tidlegare i år vann ho Filmpolitiets Kortfilmpris for filmen Festen.

LES OGSÅ: Helene tevlar mot Noomi Rapace

Skiftande skydekke
22-åringen valde å gå vidare etter å ha teke ein bachelor i film og videoproduksjon ved NTNU, mellom anna på grunn av den unike masteren.

Utfordringane er nye og større når ein tek steget frå kort til langfilm. Thorvaldsen erfarte at det var vanskelegare å forme karakterane heilskapleg og å halde på interessa. Budsjett og planlegging er andre utfordringar. Studentcrewet fekk hjelp frå filmmiljøet i Trondheim for å fylle resten av rollene. I tillegg var skodespelarane leigd inn frå fjern og nær.

– Vêret er òg ei utfordring når ein lagar film i Trondheim. For her er det ofte dårleg vêr, fortel regissøren.

Mange faktorar skal stemme. Vêr og vind, kostymar og rekvisittar. Det kan vere vanskeleg å tenkje klårt under tidspress, men slik er det i filmbransjen.

– Har ein ikkje dårleg tid er det noko gale, konstaterer Thorvaldsen.

Men skiftande skydekke og raske soloppgangar kan fiksast litt på i etterkant.

LES OGSÅ: Satsar på animasjon på Dovre

Saka fortset under biletet.


Skodespelar Jørgen Hunstad får regi. Foto: Jernharen.com

Ny metode
Amanuensis Johan Magnus Elvemo er ein av dei som arbeider med den praktisk-pedagogiske filmproduksjonsutdanninga ved NTNU. Han er spent på resultatet.

Tidlegare har masterstudentane arbeidd med individuelle- eller gruppeprosjekt, men no har dei vorte oppmoda til å arbeide med noko større. Han meiner at det er fornuftig å utfordre studentane til å spesialisere seg innan enkeltoppgåver, etter at dei har hatt mange oppgåver i mindre filmar under bachelorutdanninga.

– Dei får eit meir realistisk forhold til det å arbeide i team, seier Elvemo, som fortel om gode tilbakemeldingar på arbeidsmetoden.

Han opplever òg at det er ein fordel at studentane samarbeider med tanke på arbeidsmengd og produksjon. Det kan verte vanskeleg når fleire ulike studentfilmar er i spelast inn parallelt.

LES OGSÅ: Vikingar i Afrika kan bli ny storfilm

Ulike ambisjonar
Filmcrewet vil få ein samla karakter for det ferdige produktet, men vil ha individuelle skriftlege masteroppgåver og munnlege eksamineringar.

– Me har ein pedagogisk ambisjon. Om filmen vert storslått er ikkje eigentleg så viktig, sjølv om me vil at studentane skal lage så fine produkt som mogleg.

Regissør Astrid Thorvaldsen har eit mål om å få filmen sett opp på kino, men vågar ikkje vone på noko Noregsvisning.

På lang sikt er ambisjonane større. Ho vil leve av å regissere spelefilm i Noreg. Og kanskje i utlandet. Men først må masterfilmen klippast.

Sjå bakom klipp frå filminnspelinga under:

Jernharen by night from Jernharen on Vimeo.