Han er årets folkemusikar

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Olav Luksengard Mjelva(29) var også vinnar av plateprisane open klasse, saman med Unni Boksasp Ensemble for utgjevinga «Kvite fuglar», og tradisjonelt samspel saman med svenske Erik Rydvall med utgjevinga «Isbrytaren».

Prisutdelinga er ein viktig del av Folkelarm, folkemusikkens svar på Bylarm – bransjetreff og festival. På Riksscenen i Oslo har det den siste veka vore seminar, møte og konsertar med mellom andre Firil, Elin Kåven og Slagr med Camilla Granlien.

Djup stilforståing
I si grunngjeving for prisen som Årets folkemusikar, la juryen mellom anna vekt på Luksengard Mjelva si evne til å tileigne seg stilforståing frå meir enn sitt eige distrikt. Og dei meiner han verkar som eit «førebilete i folkemusikkmiljøet og utad som eit døme på korleis ein folkemusikar på høgt nivå både kan vere midt i tradisjonen og midt i samtida.»

Dei peika også på variasjonen i arbeidet til rørosingen: «Dei mange prosjekta han deltek i og er ein viktig del av, dekker eit brett musikalsk spektrum, og hans musikalske uttrykk spenner frå det reint lyriske, via det dansbare og drivande, til tung groove.»

folkemusikk.no vert Luksengard Mjelva framheva som ein av Noregs mest aktive felespelarar, som medlem av mellom anna SVER, The Nordic Fiddlers Bloc og Rydvall/Mjelva.  

Ikkje overraskande var han særs nøgd med å vera mottakar av heile tre prisar:  

– Dei andre prisane var eg nominert i, så ein kunne jo håpe. Men Årets folkemusikkartisk hadde eg ikkje turt å håpe på ein gong. Prisen betyr veldig mykje, det er ei verdsetjing for alt eg har gjort dei siste åra, totalbiletet. Det viser at det er nokon som set pris på det, uttala han til Aftenposten

LES OGSÅ: Nyforelska i folkemusikken

Folkemusikkens eigen pris
Folkelarmprisen er folkemusikkens eiga prisutdelinga, og har vorte delt ut på Folkelarm sidan 2005.  Tellef Kvifte, Asgaut Bakken, Sinikka Langeland og Frank Henrik Rolland utgjorde årets jury.

Prisen for beste solo-plate gjekk til Hauk Buen, med utgjevinga «Tjugedalaren» – ei jubileumsplate i samband med at hardingfelespelaren hadde 80-årsdag. Plateprisen i kategorien dokumentasjon gjekk til utgjevinga «W. – musikk av Hans W. Brimi», som inneheld både ei nyutgjeving av plata «Hyljarhildring» og fleire artistar har medverka med nyinnspelingar.

LES OGSÅ: Vinn fram med folkemusikken