Grytten og Kalvø på e-bok

Samlaget er med når Bokskya opnar på måndag.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samlaget lanserer om lag 50 ebøker når Bokskya opnar 4. april. Bøker av mellom andre Ragnar Hovland, Frode Grytten, Olaug Nilssen, Jon Fosse, Brit Bildøen, og Are Kalvø vert å finne på portalen.

Samlaget har eit ansvar for å spreie nynorsklitteraturen i størst mogleg grad, og vil sikre at fleire av forlagets mest populære titlar vil vere tilgjengelege for nettbrettlesarane frå første stund, heiter det i ei pressemelding frå forlaget.

– Ingen veit kor stort det blir
Konstituert direktør i Samlaget, Tom Skovdahl seier dette om lanseringa:

– Det at vi får ei brei lansering av norske e-bøker gjennom Bokskya er spennande. Ingen veit kor stor denne marknaden vil bli, men Samlaget har no bestemt seg for å vere med frå første dag for å sikre at også nynorske titlar er tilgjengelege for lesarane som e-bøker. Fram til no har vi vore litt nølande til å vere med, hovudsakleg på grunn av at vi meinte prisane for distribusjon har vore altfor høge. Det er gledeleg at Bokskya har høyrt Samlagets argumentasjon og no har redusert prisen på distribusjon gjennom portalen.

LES OGSÅ: Grip nettet

Ikkje alle med
Ifølge Aftenposten er Gyldendal klar med 500-600 titlar, Aschehoug med Universitetsforlaget har rundt 350, og Cappelen Damm er allereie ute med 400-500 e-bøker.

Men mange forlag kjem ikkje til å vera med når bokbransjen 4. april lanserer den felles e-bokløysinga. Sist veke skreiv Aftenposten at ingen av dei mellomstore forlaga hadde signert avtale med Den norske Bokdatabasen, som driv Bokskya.
Avisa har vore i kontakt med ti forlag, nokre seier at dei kanskje kan gå med på ei løysing seinare, særleg viss vilkåra blir betre. Andre seier det er uaktuelt å vere med i det heile teke.