Gløtt inn til flyktningen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ein asylsøkjar på Stord som seier dette til førsteårs-elevane på medialinja på Stord vidaregåande skule. Sitatet er å finna i foajeen i Kulturhuset, der elevane viser utstillinga «Flyktning». Dei som vil sjå utstillinga har kort tid på seg. Ho vert teken ned komande sundag, samstundes som det vert sett punktum for musi-kalen «Spelemann på taket».

Utstillinga viser tekstar, foto, teikningar og video knytt til flyktningeproblematikken. Mykje av biletmaterialet er symbolsk, som til dømes piggtråd, ei hand mot eit gjerde, ein fortvilt ungdom med ein bamse, personar som spring i terreng.

Litt humor har også fått plass – i ei fireruters teikning av Leif-Norvald Sæverud. Ein norsk gut spør sin arabiskkledde ven om han vil koma på besøk saman med familien. Det vil arabaren gjerne. Dagen kjem, og 32 personar står utanfor døra.

Krister Bauge har laga to skjematiske framstillingar av kampen for asyl i Noreg. Det eine biletet viser ein som til slutt får asyl, den andre får avslag. «Flukten til Norge» er teikna med dataprogram. Dei frustrerte asylsøkjarane må innom mange stasjonar før dei kjem i mål på kvar sin måte.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

– Dei to teikningane viser den lange og innfløkte prosessen på veg mot opphald eller avslag. Det tok ei veke å bli ferdig, og eg er ganske nøgd. Ein stor del av inspirasjonen fekk eg via Manal Fuad Hulaiyel som går på skulen hjå oss, seier Bauge.

På veggen heng det portrett av Manal, og det var ho som opna utstilling med å fortelja kort om seg sjølv. Ho kjem frå krig og maktmisbruk i Gaza til draumen om eit fritt liv i Noreg.

Faglærar Lars Dyhrfjeld på linja for media og kommunikasjon fortel at elevane har arbeidt med utstillinga i vel tre veker. Halve tida er brukt til å samla informasjon på nett og ved besøk på asylmottaket. Resten av tida er brukt til det praktiske arbeidet med utskriving av til dels store biletformat, og til innramming. Nokre elevar har arbeidt åleine, andre i grupper.

Det er «Spelemann på taket» som har utløyst utstillinga. Musikalen handlar om dagleglivet i eit russisk-jødisk miljø for over hundre år sidan, med konstant trugsmål om forfølging og drap.

LES SAKA PÅ SUNNHORDLAND.NO!