Gje meg ikkje handa di, ven

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For eit par år sidan irriterte eg meg over at det ikkje fanst noka høgreside i norsk politikk. Statsbudsjettet var på 1065 milliardar kroner, likevel tok ingen parti til ords for å kutta i ut­­giftene. Alt som fanst, var ei lita usemje om kven som skulle få større og mindre stykke av den digre kaka. Og slik vart det: Staten har aldri vore større enn under den såkalla blåblå regjeringa, og oljepengebruken har aldri vore meir hemningslaus. For fyrste gong sidan fondet vart skipa, vert det no teke meir pengar ut or fondet enn det kjem inn.

Statleg sektor utgjer no 59 prosent av fastlands-BNP. Det er verdsrekord i statleg storleik, og dette går føre seg under ei borgarleg regjering.

Sjukelønsordninga
Ikkje eingong sjukelønsordninga vil noko parti ta i, endå det har vorte ei ordning som jamvel dei mest ljoseblå på høgresida meiner det er heilt naudsynt å kutta i. Kvifor er det rettvist at dei uføre, som har mist all arbeidsevne permanent, skal få redusert yting, medan dei som er kortvarig sjuke skal ha full løn? Kvifor skal dei som misser jobben, tola å få mindre stønad enn dei sjuke? Ein skulle tru at eit framlegg om å harmonisera desse ytingane, hadde vore ei naturleg sak for høgresida.

Men nei, det er for upopulært. Ingen vil seia noko om å kutta. Veljarane vert kanskje sure og røystar på eit anna parti då. Skal tru om den nye flyseteavgifta løyser alle problem med den finansielle berekrafta til staten?
Men i år har det ergra meg endå meir at norsk politikk ikkje har noka venstreside heller. Kven tek til ords for ein politikk som gagnar dei låglønte her i landet?

Arbeidarane
I utgangspunktet har Noreg eit av dei beste politiske systema i verda. Konsensusmodellen, med høvetalsval der motrøyster vert representerte, attåt eit høgt nivå av tillit og lågt nivå av korrupsjon, er det beste ein kan ynskja seg for eit demokrati.

I tillegg har me gamle parti. Det er bra, for det gjer dei i stor grad føreseielege. Ein treng ikkje finlesa partiprogramma for å vita nokolunde kva eit parti kjem til å meina om einskildsaker. Partia representerer tydelege grupper: Ap representerer arbeidarane, Sp representerer bøndene og distrikta, Høgre representerer embetsstanden og borgarskapet, og så bortetter. Men er det eigenleg slik?

For kven er det som er arbeidar i dag, og kven utgjer borgarskapet? I Noreg har arbeids­styrken i sin heilskap vorte høgt utdana: Ukvalifiserte arbeidarar utgjer berre 4 prosent. Likevel var det leiaren for partiet som skulle representera nett arbeidarane, som tok til ords for å auka mengda ukvalifisert arbeidskraft tidlegare i år og konkurranse­utsetja dei endå meir. Og for eit ramaskrik det skapte! 10.000 fleire kvoteflyktningar, ropa Støre, og Venstre jubla.
Aldri i livet, sa Frp. Men kvifor sa dei det? Innvandringstakta var alt i gang med å auka under den blåblå regjeringa.

Kommisjon er løysinga
Då det synte seg at flyktningstraumen vart så stor at kapasiteten i mottaka vart sprengd, vart partia samde om at nokon måtte gjera noko. Difor var det ei gladsak då partia endeleg vart samde om eit såkalla breitt forlik. Festen var ikkje over – det var meir kake att.

Slik er det med alle upopulære avgjerder i Noreg. Alle visste at det var naudsynt å gjera noko med pensjonsordninga; ho var ikkje berekraftig. Her vil den gløgge lesar tenkja at dei to alternativa – offentleg pensjon for alle eller privat pensjonssparing – sorterer naturleg langsetter dei to sidene av den politiske aksen. Venstresida ville gjera framlegg om å auka skattar og avgifter og auka tida folk står i arbeidslivet for å berga ordninga, medan høgresida ville gjera framlegg om å privatisera delar av ordninga og be folk spara opp til alderdomen på eiga hand. Eller? Nei, slik gjer me det ikkje i Noreg.

Stoltenberg-regjeringa sette sjølvsagt ned ein uavhengig kommisjon, i staden for at partia måtte orka å gjera dette keisame arbeidet med å «ta debatten», som det heiter no for tida. Folk må stå lenger i arbeid og kunna arbeida når dei er pensjonistar, sa kommisjonen, og stortingspartia såg at det var godt.Nett slik kjem det til å gå med sjukeløna òg, men ikkje før kassa er skrapa.

Til jol ynskjer eg meg ein parti­flora som tenkjer gjennom kven dei representerer, og vågar å lita på at veljarane skjønar sitt eige beste. Eg ynskjer meg ei styringsdyktig fleirtalsregjering, utan kontinuerleg hestehandel med kostnadsdrivande småparti. Det er ikkje slik at alle i Noreg har sams interesser, jamvel om me har relativt høg løn alle saman. Eg ynskjer meg mindre veljarfjesk og meir reinspikka politisk usemje. Føreåt takk.

LES KOMMENTAREN I DAG OG TID!