Gir Frp rett om investering i veg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

SSB-studie gir Frp rett om vegar

– Dette stadfestar det Frp og mange økonomar har sagt i mange år. Det vert meiningslaust at dei andre politiske partia tvingar innbyggjarane til å betale vegane sjølve, når forskarane no syner at det er mogleg for staten å bruke pengar dei allereie tek inn, seier fylkesleiar i Framstegspartiet i Sogn og Fjordane Frank Willy Djuvik, til NRK Sogn og Fjordane.

Bakgrunnen for dette er rapporten Pressvirkninger i norsk økonomi av økte samferdselsinvesteringar, som SSB-forskar Torbjørn Eika har skrive. Rapporten syner at verknaden av auka investering i samferdsel – auka løner og renter – er beskjeden sjølv ved store investeringar. At løn og renter aukar vil føre til at konkurranseevna vert svekt, noko som ikkje er bra for norsk økonomi. Og det er nettopp dette statsminister Jens Stoltenberg har trekt fram som argument mot Frp sitt krav om meir vegbygging.

– Det som set grenser for kor mykje pengar staten kan bruke, er kva norsk økonomi toler før det får uheldige konsekvensar i form av mellom anna renteauke, sa statsministeren då han presenterte Nasjonal transportplan tidlegare i månaden.

QUIZ: Kva veit du om Framstegspartiet?

Samfunnsøkonom Eika i SSB har brukt ein makroøkonomisk modell for å rekne ut effekten på økonomien av både ein liten auke i samferdselsinvesteringane på 4,7 milliardar kroner årleg – og ein veldig stor auke på 45 milliardar kroner årleg.

Men i scenarioet med den høgste investeringsauken – på 45 milliardar kroner – er det kalkulert med at mykje av investeringane går til jernbane. (©NPK)

Kva meiner du? Bør det brukast meir pengar på veg eller jernbane i Noreg?