Går milevis for å fanga pokémonar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland

På få dagar rakk mobilspelet «Pokémon Go» å få fleire daglege brukarar enn Twitter og sjekke-appen Tinder.

Ny type spel
Når Sunnhordland treff Grov Myhre og kameraten Cristoffer Augustson (17) ved kaien på Leirvik, har dei allereie klart å mobilisera ein stor kameratgjeng. Sistnemnde var tidleg ute med å starta Facebook-gruppa «Pokémon Go Stord» kor dei kan planleggja, diskutera og organisera pokémon-jakta.

 – Det er heilt sjukt, eigentleg. Eg hadde aldri trudd at medlemstalet skulle stiga til over 300 på så kort tid, seier Augustson.

Det er mykje som skil Pokémon-spelet frå tradisjonell dataspeling.

– Det som er gøy er at ein får vera mykje ute i fri natur, og ein møter mange ein ikkje har møtt før, seier Augustson. 

– Me har det kjekt saman. Så er det spennande å sjå kven som har den høgast rangerte pokémonen seier han vidare.

Pokémon-jakta har allerie ført til både trafikkbøter og kyrkje-invasjonar. Les meir om spelet her!

Oppdagar nye område
Det er mange fordommar og førehandsstemplingar om dataspel. Det nye mobilspelet får i motsetnad til andre spel ungdommen ut av sofaen og ut i det fri.

Magne Grov Myhre (16) hadde gått 27,8 kilometer berre nokre dagar etter han installerte det.

– Me plar møtast hos meg i 17-19-tida, så går me rundt etter det. Me går først ned til sentrum, så til kyrkja og sjukehuset. Då hender det at me er ute til rundt 01.00 på natta, seier Grov Myhre.

– Ein går plassar ein ikkje har gått før – og det er kjekt, seier Augustson.

LES OGSÅ: Trygg Trafikk åtvarar mot Pokémon Go i trafikken


Mobilspelet Pokémon Go tek verda med storm, og Stord er ikkje noko unnatak. Her er Pikachu, verdas mest kjende Pokémon. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN 

– Eit kulturtiltak
Når Sunnhordland pratar med ungdomane dukkar plutseleg ein kjenning opp. Stord Venstre-leiar Geir Angeltveit har òg kasta seg over nyvinninga,

– Det er jo både eit kulturtiltak og helsefremjande. Sjeldan har me sett så mange ungdommar rundt ved kunstverka på Stord – som Stord-døra, «Fiskedama» og ved gruvene på Litlabø, seier Angeltveit, som stadig vekk tek over den innlagde «Pokémon-gymen» ved Rådhuset.

– Eg har teke Rådhuset eit par gongar. Det er som ein slags parkeringsplass for pokémonane. Dei forskjellige laga tek over ein gym, og parkerer pokémonane sine der. Dersom eit anna lag vil ta over, er dei nøydd til å sigra over innehavaren.

– Kjempeviktig med fysisk aktivitet
Jonny Hisdal, som har doktorgrad i fysiologi frå medisinsk fakultet ved Universitetet i Oslo, er utelukkande positiv til at ungdommen dyrkar spelinteressa si medan dei er i fysisk rørsle.

– Eg er for alt som er med på å motivera folk til å gå ut og bevega seg. Eg tykkjer det er kjempebra, seier Hisdal.

– Å sitja stille er den nye røykinga. Forskarar har vist at det å sitja stille for lenge er farleg og kan framkalla hjarte- og karsjukdommar.

LES OGSÅ: Oljefondet tener store summar på Pokémon Go

 Vekkjer barndomsminne
Dei fleste ungdommane frå 15 til 25 år hugsar då Pokémon gjekk på tv medan ungane i skulegarden sprang rundt med ein Nintendo og Pokémon-spel i friminutta.

– Ein får jo tilbake dei gamle barndomsminna, seier Augustson.

– Eg likte ideen. Ein speler yndlingsspelet sitt, utan at ein sit inne heile dagen.

Les meir:

Ein del spel blir omsett til norsk – nokre finst til og med på nynorsk – men er det naudsynt?

Forskarar bygde ein mikrovariant av Pac-Man – 1mm stor! Sjå video her.