– Går glipp av mange politiske talent

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka stod først på trykk i Møre-Nytt.

Marit Aklestad (32) fekk ein noko hektisk innspurt av valkampen, men sikra seg likevel SV sin einaste plass i kommunestyret i Ørsta. At ho er nybakt mor er ikkje til hinder for hennar politiske engasjement.

– Valkampen er berre ein liten periode, og det er no arbeidet startar, seier ho, med familiens ferskaste medlem i armane.

LES OGSÅ: Kjønnspøbelen

Jenta, som framleis er namnlaus, kom til verda 28. august. Då kom valkampen i andre rekke.

– Dei andre i partiet har stilt veldig opp, så dette har gått veldig greitt, seier ho, og nemner særleg Magnar Hjertenæs som ein primus motor for SV.

– Og så vår store mentor og guru Ingrid Opedal, legg ho til.

Overraska over å bli spurd
Aklestad, mannen Tor Grunde Simonsen og dottera Martha (2) hadde så vidt fått flyttelasset frå Oslo i hus på Sæbø då Marit vart spurt om å toppe SV si liste før kommunevalet.

– Det var både overraskande og kjekt å verte spurt. Vi gjekk nokre rundar før eg takka ja. Eg har mykje å lære, men eg føler også at eg har mykje å tilføre i lokalpolitikken.

Ho har ikkje vore særleg politisk aktiv før, men har alltid vore engasjert, både i mållaget, Nei til EU og Natur og ungdom, og ho har alltid sympatisert med venstresida. Far Sigve Aklestad har også vore eit kjent fjes i Ørstapolitikken gjennom KrF, så engasjementet ligg i blodet.

– Eg vil at alle skal ha dei same moglegheitene. I små bygder er det tydeleg at alle trengst for at samfunnet skal fungere. Alle er like viktige, frå dei butikktilsette til legen og presten. Alle er ein del av den same fellesskapen, og alle har ein eigenverdi.

Også likestilling engasjerer henne. Marit har registrert at langt under halvparten av medlemene i det nye kommunestyret er kvinner. Ho er ei av 12. Dei 21 andre er menn.

LES OGSÅ: Difor når så få kvinner toppen i akademia

For kvotering
– Det er store forskjellar mellom partia. Nokre hadde til dømes berre menn på topp. Dei går glipp av mange gode politiske talent, meiner Aklestad.

Ho er for kvotering, fordi det ser ut til at det er det som må til for å få ei endring.

– Det vert sagt at lange møte og tidspunkta for møta i lokalpolitikken er ugunstige for småbarnsforeldre, men det har vel vorte slik fordi det tradisjonelt sett har vore flest menn som har vore aktive. Eg håper at mitt engasjement kan gjere det lettare for fleire.

Politikaren tenkjer å ta med seg minstejenta på møte når ho må, i alle fall den første tida. Ho vil ikkje at det at ho er nybakt mor skal vere til hinder for at ho skal kunne engasjere seg.

Aklestad fekk om lag like mange personstemmer som SV fekk partistemmer. 205 veljarar gav henne ein ekstra boost i form av ein slengjar eller ei direkte personstemme. Det varmar.

– Heilt klart. Eg kjem frå Sæbø, men er valt inn for heile kommunen. Eg håper at eg kan bidra med eit lite raudt stempel for SV i alle saker eg får vere med på å handsame. No vil eg nytte tida i permisjon til å vere mor, men også til å lese meg opp og setje meg inn i lokalpolitikken. Eg gler meg, helsar ho til veljarane som har vist henne tillit.

LES OGSÅ: Vil ha kvinner inn i kommunestyra