Gal og dum

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kjem til å bli vanskelig, eg kjem til å verke snusfornuftig og kverulantisk, og det kjem til å bli vesentlig mindre underhaldande å vere meg. Men alt dette er eg villig til å ofre.

For eg skal gi det ein sjanse. Eg skal tenke meg om ein gong til, neste gong eg høyrer ei gjennomsnittlig utanriksnyheit av typen:

«Nok ein gong har den sterkt frisyre-utfordra amerikanske rikingen Donald Trump sagt noko vanvittig om menstruerande meksikanske kvinner som trur at klimaforandringane er menneskeskapte. Likevel synest alle amerikanarar at denne mannen er ein feiande flott fyr. For å forstå meir av dette, har vi invitert ein ekspert som for kort tid sidan sa at Trump aldri kom til å bli republikanarane sin presidentkandidat, men som vi likevel av ein eller annan grunn framleis tek alvorlig. Velkommen hit. La meg aller først spørje deg: Kor dumme er amerikanarar? Og kvifor er dei det?»

Og utanriksnyheiter frå land som dei fleste av oss veit endå mindre om enn USA, blir ofte presenterte som artig kuriosa-stoff:

«I eit land som ligg veldig langt unna, har dei nettopp valt seg ein statsminister som trur på overnaturlige ting og synest husdyr skal halshoggast. Les meir om kor sprut galne dei er i andre land på våre nettsider.»

Eg ser ikkje vekk frå at dette kan vere sant. Folk kan vere både dumme og sprut galne, og ganske mange kan også vere det samtidig. Og det å forsvare galne statsleiarar eller Donald Trump og dei som stemmer på han, er både vanskelig og ubehagelig og noko eg ikkje har spesielt lyst til.

Likevel skal eg altså prøve. Eg synest eg skuldar folk det. Eg kjenner amerikanarar. Dei fleste av dei er ikkje verken galne eller dumme. I alle fall ikkje samtidig. Unntatt den eine gongen med ho på den festen, men det har vi blitt enige om i vennekretsen at vi ikkje skal snakke meir om.

Tenk på det på denne måten: Nyheitene frå resten av verden blir formidla av journalistar. Journalistar er ei yrkesgruppe folk har lite tillit til. (Og dette kan eg seie no. For det er neppe så mange journalistar som kjem til å ta seg tid til å lese dette. Norske journalistar er nemlig veldig opptatte denne helga, på ein stor konferanse i Bergen. Der snakkar dei med andre journalistar. Omtrent som ei vanlig helg for journalistar, altså, berre meir geografisk konsentrert.) Kvifor skulle vi då ha tillit til denne yrkesgruppa når dei fortel om ting som skjer veldig langt unna, som vi har endå vanskeligare for å kontrollere?

Eller tenk på det på denne måten: Har du nokon gong vore i andre land og lese utanriksnyheiter frå Norge? Kor presist har det vore?

Ikkje for å skryte, men eg var i London i dagane etter det norske valet i 2013, då FrP blei regjeringsparti. Til ei forandring stod det derfor litt om Norge i engelske aviser. Eg las noko av det, og eg har sjeldan hatt eit sterkare behov for å forklare meg. Sjølv om ingen andre i London verken visste at eg var norsk, eller brydde seg. Mellom anna las eg – og dette var ikkje ei av dei engelske tulleavisene, dette var ei av avisene folk ser opp til – at FrP skulle starte samtalar om regjeringssamarbeid med «three other right wing parties». Altså Høgre, KrF og Venstre. Ein kan seie mykje om Venstre og KrF. Eller, det kan ein ikkje. Ein kan seie noko om KrF og Venstre. Men ytre-høgre-parti er dei verkelig ikkje. Det er i sånne tilfelle ein må legge godviljen til. Kanskje er det ein trykkfeil. Kanskje meinte dei å skrive at FrP skulle snakke med «a boring conservative party and two tiny and slightly confusing parties».

Dette skal eg minne meg sjølv om når eg høyrer om hoppande galne politikarar og veljarar i andre land. Eg skal tenke: Det kan hende folk ikkje er fullt så galne som det er lett å tru.

Men sannsynligvis er dei jo det, sjølvsagt.

Ærlig talt, det håret? Kva gir du meg?!


Først publisert i Aftenposten 14. mai.

LES ÒG: President! Eg er rar på håret!

Les fleire Are Kalvø-tekstar!