Gabrielle tek telefonen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skreiv heile plata på mobilen

Passande nok har Gabrielle, kjent for landeplaga «Ring meg», skrive nestenalle tekstane til det nye albumet sitt på telefonen.

– Notat på iPhonen. Det kjem ei frase eller ein setning. Ofte har eg sjukt mange lause trådar, som eg set saman, seier stjerneskotet.

Resultatet blir sleppt ut til folket på fredag: Debutalbumet «Mildt sagt», der Gabrielle – med etternamnet Leithaug – skal vise seg fram som artist med meir enn éin kjempehit.

– Ho er alt sjette mest selde plate på iTunes. Det viser vel at fansen vil høyre meir enn berre eit par låtar, seier ho bergensblidt.

Same fansen får også lære mykje om Gabrielle gjennom dei ti songane på plata. For ho er «skrekkeleg ærleg» i tekstane sine.

– Det er ikkje noko ledd mellom hjarta og det som kjem ut. Det kjem rett ut! Eg sensurerer meg ikkje, seier ho til NTB.

– Må vere passion
Og det ho har vore ærleg om på «Mildt sagt», det er kjærleikssorga – som «Ring meg» gav lyttarane ei viss aning om.

– Kjærleikssorga inspirerte meg. Men eg skriv også når eg har det bra. Så lenge ein har hatt vondt langt inn i hjarta éin gong, er det ikkje så mykje som skal til for å klare å hente fram kjensla att. Ho inspirerer meg. Og fascinerer. Kjærleiken er mildt sagt heilt sinnssjuk, seier ho.

På plateomslaget omtalar ho innspelinga som «en blanding mellom krig, fred, glede og sorg. Å øse hjertet mitt ut på papir er én ting, men å bringe tekstene inn i musikkens verden kan rive sjelen i biter».

– Å vere i studio, fyttegrisen. Du har tekst og melodi, men så treng du produksjonen rundt. Det er ein heavy jobb. Det må stemme, det må klaffe, eg må stå inne for det. Hjarta mitt må slå i same tempo når vi er ferdige, seier ho.

Med andre ord: Ho og produsent Lars Hustoft, som også er manageren hennar, krangla.

– Men det er sunt! Det må vere passion, seier Gabrielle.

– På rett spor
Nedlastingsdronninga – som med «Ring meg» fekk den mest streama norske låten i historia med 6.5 millionar berre på Spotify – likar kjensla av ei fysisk utgjeving. Så godt at det også blir vinylutgåve av «Mildt sagt».

– Det er herleg. Det er også herleg å sleppe plata ut, ut til gapestokken, etter å ha halde ho hemmeleg til no. Det er som å gå opp til eksamen.

Det var då Gabrielle skreiv under kontrakten med storselskapet Universal Music for litt over eit år sidan, at ho følte at vogna kom inn på rett spor.

– Reisa har eigentleg vart heile livet. Men då begynte det. Så kom «Ring meg». Eg syntest det var vanskeleg å ta inn over meg. Det var då songen min toppa listene at det gjekk opp for meg at dette tok meg nærare mulegheita til å leve av musikk på heiltid, fortel ho.

2011 vart travelt, og mindre travelt blir ikkje 2012. Ho har alt begynt turneen, som går fram til mai, har mange festivalar klare til sommaren – og imellom dette skal ho begynne på andreplata.

– Det er ikkje mykje ferie. Men eg har den beste jobben i verda, og han må eg jobbe hardt for å halde på. Eg kjenner meg «i sona» no, ute på vegen for å spele musikk, seier Gabrielle – som gler seg ekstra til å vere hovudartist på Rockefeller 9. mars, med Charlotte Thorstvedt som oppvarmar.

– Det blir bomber og kanonar, seier ho begeistra.

Trivst i Oslo
No har ho flytta frå Bergen til Oslo.

– Bergen og eg er som bror og søster. Eg er glad i han, men orkar ikkje å snakke så mye med han no, ler ho.

Ikkje var ho del av noko musikkmiljø der – ikkje der heller.

– Eg studerte musikk eit år i Nord-Trøndelag, det er vel det næraste eg har kome eit miljø, seier ho tørt.

No kosar ho seg i leilegheit i Oslo med eigen heimestudiokrok, når ho er heime då, og lagar musikk. Som på denne platen er elektropop.

– Det er det som kjennest rett akkurat no, og som gir meg eit kick. Eg er glad i mykje musikk, som soul. Siste spor på albumet, «Ingenting», er ei akustisk sak. Der høyrer du at vokalen min eigentleg ikkje er så typisk for elektronikasjangeren, seier Gabrielle.