Føler seg mobba på vegen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har rett og slett ikkje lov til å sykle på gang- og sykkelveg eller på fortau når vi trenar, fordi tempoet er for høgt, fortel leiaren i Ulstein og Omegn Sykkelklubb.

Hatlebakk seier at syklistane ofte føler seg mobba på vegen, og at bilistar fløyter, viser finger, og i nokre tilfelle bruker spylarvæske når dei køyrer forbi. På ein treningstur til Runde saman med Ørsta Sykkelklubb vart det kasta vatn ut gjennom vindauget på ein passerande bil.

Må vise omsyn

– Det må gå an å vise litt respekt. Vi er berre ute for å trene, og for å ha det kjekt.

Hatelbakk forstår at syklistane kan ta opp ein del plass når det er mange på treningstur samstundes, men han meiner at både syklistar og bilistar må kunne vise omsyn til kvarandre.

– Verken vi eller bilistane er aleine på vegen, slår han fast.

Ifølgje Kjell Bjørn Hatlebakk er dette eit større problem her til lands enn til dømes i Spania.

– Der har vi ikkje opplevd slik mobbing, men heller at bilistane viser meir omsyn.

Ifølgje Trygg Trafikk har syklistane som syklar på veg like rettar og plikter som andre køyrande. Både Trygg Trafikk og Statens vegvesen oppmodar syklistar om å ligge med så stor avstand til vegkanten at andre køyretøy må gjennomføre skikkelege forbikøyringar.

Les saka i Vikebladet!