Fleire på Stortinget vil kasta Kongen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil kasta Kongen

Litt over klokka 13 tysdag 2. oktober opna kong Harald det 157. Storting med høgtidsamt alvor. Dei fleste stortingsrepresentantane song ”Kongesongen” ståande medan Kongen, Dronninga og Kronprinsen gjekk fram på podiet framfor folket sine representantar. Men ikkje alle ønskjer å opna Stortinget på denne måten.

Truls Wickholm, Eirin Sund, Marianne Marthinsen og Jette F. Christensen frå Arbeidarpartiet opnar no for å la ein folkevald president flytta inn i Slottet.

 – Me er blitt så satt i tradisjonane våre at alle kjøper Se og Hør med bilde av kongefamilien og synst alt er så hyggeleg. Ein gløymer at dette handlar om korleis landet blir styrt, kven som er statsoverhovud og kven som har rett til å representera Noreg i FN og andre internasjonale forum, seier Truls Wickholm (Ap) til tv2.no.

LES OGSÅ: Tenkjetankar vil ha norsk kongeval

Grunnlovsendring
Eit fast innslag i løpet av dei siste 12 stortingsperiodane er at Sosialistisk Venstreparti har fremja eit grunnlovsforslag for å innføra republikk i Norge. Då Hallgeir Langeland og Snorre Valen frå SV gjorde dette før helga, var det for første gong med støtte frå stortingsrepresentantar frå Arbeidarpartiet.

– Lyden og innhaldet i dette forslaget er annleis enn tidlegare utgåver. Før har ein sagt at Kongen skal setjast på gata – punktum finale, nå tar ein inn over seg dei ulike problemstillingane og ønskjer ei utgreiing og brei debatt for å finna ut korleis me best skal få i stand ein republikk, seier stortingsrepresentant Eirin Sund til tv2.no.

AGNES RAVATN: Monarkist? Anakronist!

Kva meiner du? Kan ein forsvara kongedømmet i framtida? Eller er det på tide me vurderer å få ein republikk i Noreg?