Fart og sjølvtillit på Falturiltu

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var så mykje me vil ha med, at me måtte utvida med éin dag ekstra, seier festivalsjef Roald Kaldestad.

Tysdag 15. september la Falturiltu fram eit program som rommar meir enn nokon av dei åtte tidlegare utgåvene av verdas første og største nynorske barnebokfestival.

Festivalen varer frå 1. til 7. november.

Maria Parr festivalforfattar
Festivalforfattar Maria Parr vil gå som ein raud tråd gjennom heile festivalen. Ho deltar på opningsdagen saman med den kritikarrosa multikulturelle publikumsuksessen Fargespill.

Elles blir det utstillingar og seminar med forfattaren, i tillegg til at studentar ved Høgskolen Stord Haugesund set opp Tonje Glimmerdal-musikal. Maria Parr er med på å møta Sigvart Dagsland når han held konsert i Stord kyrkje og Odd Nordstoga held konsert og kjem truleg til å spela nokre av songane frå vaffelhjarteplata Bestevenn.

Nordstoga held òg konsert for born i bokbåten Epos, som for første gong deltar under Falturiltu. Epos gjer òg ein festivalstopp på Huglo. Øysamfunnet med kring 100 innbyggjarar blir dermed for første gong inkludert i festivalprogrammet. I tillegg til Stord kommune, blir det arrangement i nabokommunane Fitjar og Kvinnherad.

LES OGSÅ: Maria Parr er stor i Russland

Debutant møter Ragnar Hovland
Romandebutant og skodespelar Synnøve Macody Lund kjem heim til Stord, der ho deler scene med ringreven Ragnar Hovland under Stord mållag sitt vaksenbokarrangement på Sunnhordland museum, torsdag 5. november.  Stord kulturskule har eigen konsert same kveld, og her blir forfattaren Hans Sande å høyra. Sande er også blant kunstnarane ein får treffa i ord- og bilde-verkstaden som vil gå føre seg i Galleri Giga heile festivalveka,  der også utstillinga hans Hjartet raknar, huset står, vil vera å sjå ut veke 46.  Ingunn Røyset og Trio Vest vil gjera heile sju førestillingar rundt om i Sunnhordland, med musikk frå 1940-talet og tekstar frå barnebøkene Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen og Aldri fred å få.

Og barnebokfestivalen vil òg markera 150-årsjubileet til Alice i Eventyrland.

LES OGSÅ: Korleis vart du du, Maria Parr?

Ungdom bokbadar forfattarar
Elevar ved alle ungdomsskulane på øya står bak arrangementsrekka 3 forfattarar og 1 band, der ungdomsbøkene til Rune Belsvik, Bente Bratlund og Tor Arve Røssland vert sett under lupa.

Berit Rødstøl, Maria Parr, Sissel Horndal, Atle Hansen og Martine Grande, Anna R. Folkestad, Vegard Markhus, Anders Totland og Ingvild Sjo er nokon av dei andre forfattarane som deltar på festivalen.

I tillegg blir det to heildagsseminar på høgskulen om nynorsk barne- og ungdomslitteratur og formidling.

QUIZ: Kven skreiv boka?