Få studentar blir vurderte som uskikka

Fryktar stor underrapportering.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Få vurderte som uskikka

Studentar ved 26 ulike utdanningar skal jamleg vurderast for å avgjera om dei er skikka til yrket. Men svært få blir erklærte uskikka. Styresmaktene fryktar at det går føre seg ei stor underrapportering.

Dei siste tre åra er berre 19 av rundt 100.000 studentar funne uskikka til den utdanninga dei har begynt på. Det viser ei oversikt Aftenposten har utarbeidd.

I fjor behandla tryggingsnemndene til lærestadene berre tre saker, og berre i eitt tilfelle blei ein student stengt ute.

Vi meiner det skjer ei underrapportering, seier Anne-Grethe Naustdal i Nasjonalt arbeidsutval for tryggingsvurdering.

Blant utdanningane der studentane skal vurderast, er det både lærarar, legar, sjukepleiarar, politifolk, sosionomar, psykologar og sosionomar.

– Ein lærar som ikkje fungerer, kan øydeleggja for store grupper i lang tid. Tenk deg at du får ein sjukepleiar heim til deg, som får tilgang til alle verdiane dine. Sjukepleiaren må vera tilliten verdig, seier Naustdal.

Ho meiner at ein god del av dei uønskte hendingane i helse- og sosialsektoren kunne vore unngått viss institusjonane tok tryggingsarbeidet meir på alvor.

Naustdal var med i ei arbeidsgruppe som i 2011 studerte tryggingssarbeidet. Gruppa konkluderte med at regelverket er både uhøveleg og uklart, men tre år seinare har ingenting skjedd, sjølv om departementet har blitt purra på fleire gonger.

I perioden 2007– 2013 har lærestadene rapportert at dei har behandla 418 tvilsmeldingar. 27 saker er behandla i tryggingsnemndene, og 19 studentar har blitt stengt ute. (©NPK)

Les meir om høgare utdanning her!