Endeleg målstrek i skutersaka

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får avgjera skuterbruk sjølv

– Saka om motorferdsel i utmark har regjeringa trenert lenge nok. Når skal regjeringa få ut fingeren, undra stortingsrepresentant Torbjørn Røe Isaksen (H) frå Telemark i VTB i fjor vinter.

I 2000 blei det starta eit femårs forsøksprosjekt der Vinje var blant åtte kommunar som fekk praktisere lokal styring av løypenett for snøskuter.

Framleis er saka på forsøksstadiet, og dei raud-grøne stortingspartia som utgjer regjeringa bestemte i vår at ordninga skulle utvidast til å gjelde 40 kommunar dei neste åra. Over 100 kommunar i Noreg har meldt interesse for å bli med.

– Den nye forsøksordninga regjeringa bestemte i vår var eit kompromiss fordi SV og Sp ikkje klarte å bli einige, seier høgrepolitikaren Isaksen til VTB.

Avgjerd neste år
Nyleg avslørte Høgre-leiar Erna Solberg og Frp-leiar Siv Jensen, representantar frå dei to partia som er i regjeringsforhandlingar, at dei no vil la kommunane sjølve bestemme reglane for motorferdsel i utmark. Det tyder at alle kommunane i landet kan få avgjere om dei vil ha løypenett for snøskuterkøyring, vel og merke om grunneigarane gjev grønt ljos for aktiviteten.

– Me har sagt heile tida at forsøksordninga der mellom andre Vinje kommune deltok, var god. Kjernen i denne prøveordninga kan danne grunnlaget for nytt nasjonalt regelverk kring lov om motorferdsel i utmark. Så kan kommunane bestemme om dei vil ha snøskuterløyper, men det skal ikkje bli fritt fram for snøskuterkøyring, seier Isaksen.

– Kjem ynsket frå Høgre og Frp til å gå igjennom i Stortinget?

– Eg er litt usikker på KrF, men er ganske sikker på at Sp stør oss. Då blir det fleirtal for å la kommunane bestemme, svarar Isaksen, som har jobba med saka i fleire år.

Han ser det som naturleg at påtroppande forsøksordning nummer to blir avlyst, og at snøskutersaka blir avgjort i løpet av neste år.

– Me har så mykje å gjere no …, seier Isaksen om maktskiftet som er på gang, budsjettarbeid og anna.

Nøgd lokalpolitikar
Telemarking og stortingsrepresentant Bård Hoksrud (Frp) har også gjeve full gass for å få ei avgjerd der kommunane kan etablere løypenett for snøskuter.

– Kjempebra. No går saka i orden. Eg tippar det vil gå nokre månader før kommunane får bestemme sjølve. Det blir ikkje noko av ei ny prøveordning som blei bestemt i år, det blir i staden ei permanent ordning. Det er på tide, seier Hoksrud.

Han trur kommunane blir opptekne av at eit løypenett med snøskuterkøyring skal skje på skikkeleg måte.

– Eg har tiltru til at kommunane tek seg av saka slik at alle partar blir nøgde. No gler eg meg til å køyre snøskuter. Eg har ikkje tora enno …, humrar Hoksrud.

I fjor vinter bad nissedalpolitikarane og brørne Stein (Sp) og Tore Skåli (Ap) heile Vest-Telemark stå på slik at bygdene kan få etablere snøskuterløyper i lovlege former.

– Det er ein bremsekloss på Stortinget som heiter SV. Det er utruleg at ei sak som dette kan bli trenert på ein slik måte av landets øvste folkevalde, sa dei den gongen.

No er det anna ordlyd å spore, etter utspelet frå Høgre og Frp.

– Dette er ein gledas dag, og det er på tide. No har eg tru på at saka blir gjennomført, seier Tore Skåli til lokalavisa.

Ei gladmelding
Ordførar i Seljord, Solveig Sundbø Abrahamsen (H), er glad for signala om å gje kommunane rett til sjølve å bestemme reglane for motorferdsel i utmark, med tanke på snøskuterkøyring.

– Dette er kjempepositivt, og ei gladmelding. Det viser at den komande regjeringa vil desentralisere makta ved å gje ansvaret over til kommunane, seier Abrahamsen.

Arne Vinje sitt utspel til NRK Telemarksendinga om å byrje med opplæring i skulen i skuterbruk, meiner ho også er spennande.

– Det blir sjølvsagt ei utfordring å finne dei rette områda, men det blir spennande å sjå framover kva ein klarar å få til. No blir det opp til kommunane sjølve å finne løysingane, seier Abrahamsen.

Les saka i Vest-Telemark Blad!