Rekordbukken traskar vidare

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjendis-hjorten lurer alle

For eitt år sidan skreiv Grannar om rekordhjorten som traska rundt i skogane i Vindafjord. Bildet som blei tatt av storbukken viste 20 taggar på geviret, noko som var rekord her i landet.

— Den er ein ekte luring som held seg godt unna folk og som aldri er å sjå i dagslys, seier vindafjordingen som igjen har fanga storhjorten med eit utplassert viltkamera.

LES OGSÅ: Nesten heilt åleine

Kjendis
Bukken med det prydfylle geviret blei ein nasjonal kjendis etter at Grannar skreiv om saka i januar 2012, og bildet av viltet dukka opp i ei rekkje aviser og nettstader over heile landet. Hjorteforskar Erling L. Meisingset ved Bioforsk på Ås sa at det tidlegare var dokumentert gevir med 17 eller 18 taggar på ein hjort.

Sidan den gong har det vore stille om rekorddyret, og enkelte frykta at det ville bli eit ettertrakta jegertrofé når jakta sette inn i fjor.

— Så har ikkje skjedd, sjølv om visse rykte om fellingsforsøk har versert, seier mannen som eig viltkameraet.

Han ynskjer framleis å vera anonym for ikkje å identifisera kor bukken oppheld seg i frykt for at den skal bli avliva.

— Sjølv ville eg ikkje ha trekt på avtrekkaren om eg hadde treft på den under jakta. Og eg har snakka med andre jegerar som seier det same. Bukken med sine gode genar er viktig for produksjonen framover, seier han.

LES OGSÅ: Fleire freistar jaktlukka

19 taggar
Det var i august og under jakta i september i fjor at mannen sitt viltkamera fanga inn storhjorten igjen. Då hadde den halde seg i skjul i nesten eitt år. Andre observasjonar seinare på året tyder på at den overlevde heile jaktsesongen som varte nesten fram til jul.

— Nå hadde hjorten 19 taggar, men kroppen og geviret var betrakteleg større enn sist gong viltkameraet tok bilde av den, seier vindafjordingen som synest det er fantastisk at den har lurt seg unna jegerane nok ein gong.

Rapportane tyder på at kjendisbukken held seg stabilt i same område og at den nøyer seg med å ta kortare turar i distriktet. Spørsmålet er kor lang tid det tar før ein jeger fell for freistinga med å sikra seg eit skikkeleg trofé til veggpryd.

LES SAKA I GRANNAR!