Ekte lidenskap har ingen alder

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein ekte Brann-bil

To gonger har Randi Valaker (83) vore på Brann Stadion i år. Begge gongene vann klubben som no kjempar om å klara kvalikplassen.

– Eg var på kampen på søndag. Det var kjempe. Heilt utruleg, seier Randi Valaker frå Kløve.

LES OGSÅ: «Då eg byrja i jobben, var det ingen som ville spela for Brann»

Heilt sidan ungdommen har ho heia på Sportsklubben Brann. Sjølv om det har vore andre lag med monaleg meir suksess, har det aldri vore aktuelt å byta lag for den spreke dama.

– Held du med eit lag, så held du med eit lag. Brann er for meg som eit ekteskap, til døden skil oss ad, seier ho.

– Men Rosenborg har jo vunne mykje meir enn Brann gjennom historia?

– Å fyttigrisen, ikkje nemn det. Nei, Rosenborg held eg ikkje med, seier ho bestemt.

Valaker vart landskjent i 2007 då ho strikka sokkar til det legendariske gull-laget. Men nye sokkar kjem ikkje på tale.

– Kva tykker du om årets sesong då?

– Årets sesong? Det var godt du ikkje spurte meg om trenaren, seier ho kjapt.

Ho saknar tida med Mons Ivar Mjelde bak roret. Men tilbake til årets sesong.

– Dei har tapt ti heimekampar. Det er triste greier. Eg kjenner på meg at dei tapar mot Haugesund. Dei greier ikkje dette, eg fryktar det, seier ho.

LES OGSÅ: Brann vil starta fotball-akademi i Knarvik

Til dagen køyrer ho rundt i ein mopedbil, sjølvsagt er den raud og kvit med Brann-logoen både framme og bak. Den godt vaksne dama hugsar ikkje sine fyrste Brann-minne. Dei er blitt fortrengt av det som har skjedd sidan. Det byrja verkeleg då ungane var små og heile familien gjekk på kamp.

– Det har vorte meir etter at eg vart gammal. Då har galskapen tatt overhand, seier ho og ler godt.

– Kva er det som er så fascinerande med å gå på Stadion på kamp?

– Det er grueleg løje. Stemninga, og dei du er i lag med. Det er jo fælsleg spennande og ein lever seg heilt inn, seier ho.

– Det vert til at ein skrik litt, innrømmer ho.

No vurderer ho seriøst å kjøpa partoutkort føre 2015-sesongen.

Førebels reiser ho på kamp med ein nabo. Dei er ein kompisgjeng, og kan ikkje ein av dei gå, får Randi ofte tilbodet.

– Randi er ein fantastisk person. Det går ikkje an å ha det keisamt saman med ho, seier Bernt Olav Fjellanger, som plar ta ho med seg på kamp..

– Korleis er ho på kamp?

– Hehe. Engasjert, kan ein seia. Standarduttrykket hennar er «skyt». Ho er veldig skotvillig, humrar Fjellanger.

LES OGSÅ: Valde vekk 1.divisjon for sommarjobb i NBK

Saka var først publisert i Avisa Nordhordland.