– Eit hån mot norsk matproduksjon

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Stor frustrasjon hos bonden

– Me må tilpassa produksjonen til ei ny klimaverkelegheit, og bidra til å kutta klimautsleppa. Regjeringa viser ingen ny vilje til å ta klima på alvor, seier Lars Petter Bartnes, leiar i Noregs Bondelag.

Bondelaget er ikkje nøgd etter forslaget lagt fram av regjeringa i dag. 90 millionar blir presentert som inntektsramma til bøndene, mot 950 som var kravet frå bøndene sjølv. Det er den store skilnaden mellom krav og tilbod som set flest sinne i kok i dag.

 – Dette skapar stor frustrasjon hos bonden, og sender eit klart signal til næringa, seier Bartnes.

Tilbodet får han til å sjå mørkt på framtida til norsk matproduksjon.

– Det er svært urovekkande at regjeringa ikkje tek Stortinget sitt krav om meir mat på norsk jord på alvor.

Leiar i Senterungdommen, Erling Emil Laugsand, reagerer sterkt på tilbodet, som han kallar eit skambod.

– Det er eit hån mot norsk matproduksjon. Dei kunne ikkje uttrykt på ein klarare måte at dei eigentleg gir blanke i om me produserer mat i Noreg eller ikkje. Det er ein reell reduksjon i den økonomiske støtta til jordbruket. Det virkar som dei lever i ein heilt anna verden, seier Laugsand.

LES OGSÅ: Staten tilbyr bøndene 90 millionar kroner

Moderasjon pregar tilbodet
Departementsråd i Landbruksdepartementet, Leif Forsell, meiner lønsauken bøndene har hatt dei siste åra har påverka tilbodet mykje. Han var forhandlingsleiar for staten.

– Moderasjon pregar landsbruksoppgjeret i år, og staten sitt tilbod må sjåast på bakgrunn av inntektsauken i landbruket har vore klart sterkare enn for andre grupper, både i 2014 og 2015, seier Forsell, ifølgje NRK.

Det argumentet kjøper ikkje Senterungdom-leiaren.

– Det er kanskje rett om ein ser på prosent, men det er også slik at ein bonde med eitt årsverk tener i snitt 200 000 mindre enn ein industriarbeidar. Heile poenget er at bonden har sakka akterut, og me meiner dei må få ta igjen resten, seier Laugsand.

– Oppskrift på lågare sjølvforsyning
Det er spesielt to punkt Laugsand reagerer på i tilbodet. Det første handlar om kraftfôr.

– Dei er veldig opptekne av å halda prisen på kraftforet nede. Det er Senterungdommen sterkt ueinig i. Det skal bli meir lønsamt at dyra skal eta gras.

Dette punktet skapar også reaksjonar frå Natur og Ungdom.

– Staten sitt tilbod legg til rette for at me framleis skal importera soya som øydelegg regnskogen i Brasil, og bruka det i kraftfôr til husdyra våre, i staden for å bruka grasressursane som utgjer to tredjedelar av jordbruksarealet i Noreg. Det er ein usolidarisk politikk i ei verd der mange svelt og klimaendringane truar matproduksjonen, seier Gaute Eiterjord, 2. nestleiar i Natur og Ungdom.

LES OGSÅ: Listhaug: Pilene peiker rett veg for landbruket

Kutt i pelsdyrstøtte og sentralisering av mjølk
Mjølkeproduksjonen an til å møta store endringar, skal ein tru Bondelaget. Regionane for omsetjing av mjølkekvoter skal reduserast frå 18 til mellom sju og ni, og går derfor vekk ifrå fylkesgrensene.

– Forslaget vil bety ei dramatisk omlegging av mjølkeproduksjonen. Når regionane blir så store som foreslått, vil mjølkeproduksjonen sentraliserast. Heller ikkje her har regjeringa tatt inn over seg dei klare beskjedane frå fleirtalet på Stortinget om å oppretthalda mjølkeproduksjonen i heile landet, seier Lars Petter Bartnes, leiar i Bondelaget.

Dette er det andre punktet Erling Emil Laugsand reagerer sterkt på.

–Mest truleg vil dei til dømes samla Vestlandet i ein region, framfor etter fylka. Då vil all produksjonen skli nedover til Rogaland, der dei har ein heilt anna produksjon. Eg er oppteken av at det skal produserast mat over heile landet.

Ei av to støtteordningar for pelsdyrnæringa blir også fjerna – noko som får fleire dyrevernsorganisasjonar til å jubla, men ikkje bøndene – 17,8 millionar i tilskot til frakt av fôr.

– Eg kan umogleg sjå for meg at dette blir godtatt, seier Erling Emil Laugsand.

LES OGSÅ: Her er Listhaug-protesten som fenger landet

Faktaboks

Dette er tilbodet frå Staten:

Staten tilbyr bøndene 90 millionar kroner i landbruksoppgjeret. Det er langt under kravet frå bondeorganisasjonane, på 950 millionar kroner.

Per årsverk utgjer dette 5900 kroner per årsverk i inntektsauke frå 2015 til 2016.

Det betyr ei lønsauke på 1,75 prosent i snitt årleg.

Den låge lønsauka blir forsvart med at bøndene har hatt god lønsauke dei siste to åra.

I snitt aukar bøndene inntekta si med 8,7 prosent i 2015, ifølgje regjeringa.

Elles er kutta slik:

16 millionar blir kutta i utviklingstiltak

27 millionar blir kutta i velferdstiltak

24 millionar blir kutta i fondsordningar

12,5 millionar blir kutta i driftskostnader, utreiing og evaluering

6,1 millionar blir kutta i erstatningar m.m.

I tillegg blir ein av støtteordningane til pelsdyrdrift fjerna – 17,8 millionar kroner til frakt av fôr.

Her er det foreslått auke i tilbodet:

12,5 millionar meir til spesielle driftsutgifter

35,9 millionar til markedsregulering

74,4 millionar i pristilskot

Kjelde: Nationen.no