– Ein heilt alminneleg hobby

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei held liv i gamle tradisjonar, men det er ikkje hovudårsaka til at 84 barn og unge i alderen 11-24 år samlast på Strunkeveko på Valdres folkehøgskule. Det er gøy, sosialt og dei vil verte flinke.

LES OGSÅ: Sagbrukmusikk på bygda

Det ultimate trikset
– Halling er veldig kult, meiner Harald Ramm Haugland frå Bærum. 13-åringen får støtte av dei andre vidarekomne dansarane.

I alt fem gutar hoppar i ring og tek akrobatiske triks så sveitten renn i ei gamal trestove. Heile veka skal dei terpe og lære av dei beste. Målet er sjølvsagt å ta dei mest spektakulære triksa.

– Hallingkastet er nok det ultimate trikset, meiner lærar Martin Myhr, som sjølv har dansa i 40 år.

– Det er litt overvurdert, det må vere backflip, protesterer 16 år gamle Jon Bugge Mariussen frå Notodden.

– Eller snuskverna.

– Kva er det?

– Headspin. 

Læraren kan opplyse at backflip ikkje er noko nytt i dansen, kunne ein baklengs salto, så gjorde ein det.


Valdresing Tore Grøndalen (13) kastar seg uredd rundt.

LES OGSÅ: Aldri for seint for sommarleir

Opptur
Folkehøgskulen søv verkeleg ikkje i sommarferien. Det yrar av folkeliv. Felespelet kan høyrast med det same ein kjem inn på tunet. I tillegg driv dei med toradar, song, langeleik, pardans og folkedansteater. Kleskoden for utøvarane er langt ifrå bunad, det er shorts og t-skjorte i sommarvêret. Heilt vanleg med andre ord.

Det er om lag 20 fleire deltakarar enn i fjor som har funne vegen til årets Strunkeveko, ein opptur leiar Ina Solvin gler seg stort over.

– Me vil ha med så mange som mogleg for å spreia folkemusikkens gleder til den oppveksande slekt, seier leiaren.

– Dette er ting som lever ved å nyttast, som ikkje kan pakkast ned på eit museum. Alt for mange har inntrykk av at dette er ting som føregår på folkemuseum. Men som du ser er det vanlege ungar i vanlege klede. Det er ikkje berre ein sær gamaldags norsk ting. Det er ein heilt alminneleg hobby på lik linje med andre hobbyar, sjølv om det har nokre tradisjonar, avsluttar ho.

LES OGSÅ: Dialektbobla på stølen

Rybak-effekten
Fleire av gutane som hoppar høgast har allereie rukke og drive med folkedans og halling i  7-8 år, nokre lenger. Harald minnast at han byrja rundt då Alexander Rybak vann Eurovision.

– Hallingdansen fekk ein oppsving då Frikar var med i Norske Talenter, som fortsette då Alexander Rybak kom, fortel hallinglærar Myhr.

Sjølv har han kring 40 elevar i Hallingdal, eit område der folkemusikktradisjonane står sterkt.

– Men dei må ha eit tilbod, og det er ofte det det skortar på, fortel dansemeisteren. 

LES OGSÅ: Eit vindauge mot verda

Frikar-heltar
Gutane har inntrykk av at Rybak gjorde dansen meir kjent, men han er nok ikkje grunnen til at dei sjølv starta.

Tore Grøndalen kjem frå Åbjør i Valdres, kort tid frå kursstaden. Han er klar på kven heltane er.

– Det må vera Hallgrim og Ådne det, seier 13-åringen.

Tilfeldigvis står årets Landskappleik-vinnar Ådne Kolbjørnshus akkurat no og demonstrerer korleis ein sparkar hatten av pinnen. Om han vil gå same vegen som dei to Frikar-heltane, har ikkje 13-åringen funne ut enno.


18 år gamle Ingrid Dahl frå Suldal kjem frå eit lite til eit intenst folkemusikkmiljø.

LES OGSÅ: Høyr Side Brok si resirkulerte låt!

Lite miljø
Ingrid Dahl er ein av dei som kjem frå eit område med eit lite folkemusikkmiljø, sjølv om 18-åringen har reist med ei venninne som driv med folkedansteater.

– Det er berre meg på skulen som speler hardingfele, fortel Ingrid, som godt kunne tenkje seg at fleire dreiv med folkemusikk i Suldal.

– Det hadde ikkje vore dumt å ha nokon å spele med.

Det er det heldigvis ikkje mangel på der ho er no, og i tillegg til å spele med andre og læra frå fem gonger Landskappleik-vinnar Jan Beitohaugen Granli, får dei øve seg på å spele opp til dans.

Fleirparten har foreldre som har teke initiativ til å få dei inn i folkemusikkmiljøet, andre har funne vegen sjølv, medan ein deltakar vart introdusert for halling på Steinerskulen.


Nicolai Bo Ficher Nielsen (14) frå Nesodden vil klare dei mest spektakulære triksa.

LES OGSÅ: Friår i friskluft

Jentedans
Ute på plassen øver ei gruppe yngre deltakarar på den karslege dansen. Mellom dei er tre jenter. For det er ikkje noko i vegen for at jenter kan danse halling, sjølv om det frå gamalt av var guten som skulle gjere karstykket med å sparka hatten, medan den fagre møa haldt stonga.

– Folk tykkjer det er litt annleis, for det er jo ikkje så mange som driv med det, seier Oda Johansen (12).

Ho får støtte av dei to andre jentene i hallingflokken for dei ferskaste. Dei har fått spørsmål om kva halling er.

– Mange trur at halling berre er å hoppe rundt, fortel Solvor Nesbakken Oma (10). 


Saltoane sit laust blant dei vidarekomne dansarane.