Ein av tre tar p-pillene med høgast risiko

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Uroa for p-pillebruk

– Dessverre ser vi at det framleis er ein del unge jenter som blir sett på p-piller med høg risiko for blodpropp, seier overlege ved Statens legemiddelverk, Sigurd Hortemo, til NRK.

Statens legemiddelverk sender no ut eit skriv til allmennlegar, der dei blir oppfordra til å gi ut dei p-pillene med minst risiko for blodpropp til unge jenter.

Det har lenge vore kjent at p-piller gir risiko for blodpropp. Ny forsking som Statens legemiddelverk har fått frå dei europeiske legemiddelmyndigheitene (EMA) viser at risikoen for blodpropp for alle p-pillene er høgare enn først antatt.

LES OGSÅ: Vil ikkje gi unge kvinner gratis p-piller

– Det er først dei seinare åra ein har blitt sikker på at det er stor forskjell i risikoen mellom p-pillene, seier Hortemo.

P-pillene som ein av tre får resept på gir dobbelt så stor fare for blodpropp jamført med p-pillene som blir anbefalte av Statens legemiddelverk.

Hortemo anbefaler unge jenter å starte med minipiller, som truleg ikkje gir risiko for blodpropp.

Kva type progesteron ei p-pille består av avgjer kor høg risikoen for blodpropp er. Hortemo understrekar at risikoen for blodpropp generelt er låg.

– Kvinner som har brukt p-piller ei stund og har gode erfaringar med merket sitt, treng ikkje byte til ei lågrisiko-pille. Det er fordi risikoen for blodpropp er størst det første halvåret, seier Hortemo. (©NPK)

LES OGSÅ: – Nonner bør ta p-piller