«Eg ville ikkje vera ein av dei»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert i Sunnhordland.

– Velkommen, seier Maria Omvik Hella, og helsar med eit fast handtrykk.

Ho har på seg turbukse og t-skjorte. Inne sildrar kaffitraktaren, og sola skin på stovebordet, der Maria har sett fram ei skål med sjokolade. Ho finn fram kaffikoppar og skjenkjer i, før ho set seg til rette i sofaen.

– Kva skal eg fortelja? spør Maria.

– Alt, seier me.

Men først må me nokre dagar bak i tid, til søndag 9. oktober, klokka 17.05.

Det første me ser er smilet. Ho ser rett inn i kamera, er tilsynelatande avslappa i kroppen. Svart/kvitt-biletet som Maria har lagt ut på Facebook denne ettermiddagen er ikkje av det spektakulære slaget. Likevel er merksemda heilt enorm. Likarklikka og delingane renn på. Kommentarfeltet fyllest opp med støtteerklæringar.

Forklaringa finn me i teksten. Alt i første setning forstår me kva det handlar om.

«Til deg som sa eg var lesbisk, du fekk rett. Du fortjene ein takk, men og litt råd om møte med andre mennesker. Alle har ei historie, ei fortid. Dei har minner og episodar som har satt spor, på godt og vondt. Eg levde eit liv i 4 år i lag med ein mann. Ein mann som etter alle mine kriteriar var ein drømmemann.»

Vidare fortel ho om prosessen ho har vore gjennom dei siste åra. Korleis det var å finna seg sjølv. Kor vondt det har vore, og kor godt det har blitt.

«Den dag i dag kan eg sei eg er stolt. Eg er stolt av den eg er. Eg har akseptert meg sjølv og blitt glad i Maria. Og da gjere godt å sei da høgt. Da gjere godt å komma ut av skapet. Med openheit trur eg andre kan forstå at ein ikkje velger sjølv om ein er heterofil eller homofil, og at det ikkje er noko godt å vera inne i eit skap. I dag kan eg smila på ekta. #utavskapet»

Og ho smiler framleis, då me møter henne fire dagar seinare.

– No har eg det heilt fantastisk. Det kunne ikkje blitt betre. Rett og slett. Det er ei kjensle eg ikkje kan skildra, det å meistra livet på alle mogelege måtar, seier Maria.

Men det er no, og denne historia startar mange år tidlegare. Så tidleg som i barndommen, meiner Maria sjølv.

Ho fortel om ein fri oppvekst, der ho fekk vera seg sjølv utan avgrensingar frå dei vaksne. Som trilling var ho i ein spesiell situasjon heilt frå fødselen, men det var aldri snakk om at ungane skulle vera like.

– Eg og søster mi var veldig ulike. Medan ho gjekk med kjole og leika med barbie-dokker, gjekk eg i fotspora til bror min, og ville mykje heller spela fotball. Det var aldri snakk om at me skulle kle oss likt eller noko sånn, fortel Maria.

Etter kvart byrja ho på ungdomsskulen, og medan fotballen framleis var heile livet til Maria, byrja dei andre jentene å sjå meir og meir på gutane. Dei snakka om kjærastar og kven som var forelska i kven. Og Maria forstod ingenting.

– Eg hadde mange gutevenner, og tenkte eigentleg aldri over det. Men eg blei jo ikkje forelska, seier Maria.

På vidaregåande var det mykje det same. Men noko endra seg for Maria. Brått byrja ho å bli usikker. Frå å vera trygg gjennom heile oppveksten, kjende ho seg no annleis. Som om ho hadde noko å skjula, utan at ho sjølv kunne setja ord på det.

Sosiale settingar blei vanskelege. Den leikne jenta stilna.

Verst var det med vaksne i nærleiken.

– Eg fekk panikk. Når eg tenkjer tilbake no, trur eg det handlar om at dei vaksne visste at eg var annleis. At dei kunne avsløra meg, på ein måte.

Ho blei ikkje avslørt. Ikkje for andre, og heller ikkje for seg sjølv. Ikkje før ho flytta til Sogndal for å gå på folkehøgskule.

– Då eg kom dit, blei eg pang forelska i ei av same kjønn. Det som var spesielt, var at ho også var lesbisk. Hadde ho vore heterofil, kunne eg ha bortforklart det med at ho berre var kjekk og passa på meg, for det hadde eg gjort tidlegare, utan at eg forstod det heilt sjølv. Men no forstod eg, seier Maria.

Men den nye erkjenninga førte henne ikkje inn i kjærleiken. I staden rømde ho. Så fort ho klarte, reiste ho frå Sogndal og tilbake til Stord.

– Eg ringde til mamma og sa at eg ville heim. Eg orka det ikkje. Men dei forstod ikkje kvifor, seier Maria.

Då familien prøvde å finna ut kva som eigentleg var gale, sa ho at ho hadde ein romkamerat ho ikkje treivst med. At Sogndal ikkje var noko for henne, sjølv om ho eigentleg likte staden godt.

Problemet var at ho hadde forelska seg i ei anna kvinne, og det måtte ingen få vita.

– Eg reiste heim på ferie og var vel på kanten av ein depresjon, trur eg. Eg ville ikkje vera ein av dei. Eg ville ikkje vera ein av dei som var sånn, seier Maria.

Redninga fann ho då ho reiste tilbake til Sogndal, på ein fest. Attmed kvinna ho framleis var forelska i, sat ein mann ho bokstaveleg talt kunne kasta seg over.

– Eg fann ein type eg kunne rota med. Så enkelt. Eg heiv meg ned i fanget hans, og då var det i gang. Då hadde eg ein mann, og då var eg jo ikkje lesbisk.

Fire år varte det. Maria gjorde det som måtte til for å innfri forventningane til ein kjærast. Ho visste ikkje om noko anna, og tenkte at det var sånn det skulle vera.

Og dei hadde det greitt. Var gode venner, og gjorde kjekke ting saman. Naut friluftslivet og andre felles interesser. Heilt til det brast for Maria. Også denne delen av historia starta på ein fest.

– Ei av dei andre på festen var lesbisk, og eg snakka ganske mykje med henne. Eg stilte sikkert ein del dumme spørsmål, men det var liksom heilt naturleg for meg, seier Maria.

Men det var det som skjedde seinare på kvelden, som utløyste raset. Og det er der Facebook-statusen startar.

– Ho fortalde typen min at eg var lesbisk. At eg var noko eg ikkje var. Han sa ikkje noko til meg om det, for han visste at eg ville bli såra. Men eg forstod at noko var i vegen, og tvang det ut av han. Og eg grein og grein og grein. Eg blei forbanna og sa til kjærasten min at eg skulle gå ned fem kilo. Eg skulle endra meg. Etter det rakna alt rundt meg.

– Du skulle gå ned fem kilo fordi nokon meinte du var lesbisk?

– Ja, for då endrar du deg. Då blir du ikkje lesbisk, sant. Du blir ein annan person. Sånn tenkte eg.

Og ho endra seg. Mykje. På det verste viste badevekta 45 kilo, fordelt på ein 172 cm lang kropp.

– Eg ville berre fokusera på noko anna, slik at eg kunne slutta å tenkja. Eg trente, men åt ikkje, og gjekk ned i vekt. Eg såg aldri kor ille det var sjølv, seier Maria.

Men ho fekk hjelp. På DPS-en i Haugesund fekk ho hjelp til å bli frisk, og klarte etter kvart å leggja på seg igjen. På jobben i barnehagen blei ho tatt vare på av sjefen og kollegaene, som ikkje stilte større krav enn det ho kunne takla.

Først då sjukdommen var i sjakk, var ho klar til å ta fatt på det som eigentleg låg under og murra heile tida. Som hadde ført henne inn i eit parforhold som var dømt til å mislukkast, og som hadde vippa henne heilt ut av balanse. Det var endeleg på tide å ta oppgjeret med seg sjølv, som ho hadde utsett i fleire år: Ho måtte ut av skapet.

Støtta ho trengde fann ho der det heile starta, i Sogndal, hos kvinna ho først forelska seg i seks år tidlegare.

– Ho var den første eg fortalde det til, og ho har vore enormt god støtte for meg. Når som helst på døgnet har eg kunna kontakta henne, og ho har svart på alt. Ho bar meg nærmast på ryggen ut av skapet, seier Maria.

Faktaboks

#utavskapet

► Det er mange ord og uttrykk som er meint å skildra alle som ikkje fell innunder kategorien av menneske som forelskar seg i personar av motsett kjønn. Nokre av dei vanlegaste er homofil, lesbisk og bifil. Ofte blir alle desse omtalte som skeive, og det finst mellom anna ein interesseorganisasjon som heiter Skeiv Ungdom.

► Skeiv Ungdom står mellom anna bak hjelpetelefonen Ungdomstelefonen, der ein kan få svar på alt ein lurer på om kjønn, sex og identitet. Telefonnummeret til Ungdoms-telefonen er: 40000777.

► Det finst ingen sikre tal på kor mange personar i Norge som definerer seg sjølv som skeive. Det som derimot finst, er statistikk for kor mange likekjønna par som har gifta seg sidan den nye ekteskapslova opna opp for dette i 2009. I åra som har gått, til og med 2015, er det inngått 706 ekteskap mellom to menn. I same periode er det inngått 1.190 ekteskap mellom to kvinner.

Kjelder: Ung.no og SSB