Det sensible språket – om makt og poesi

Bjarne Bjørnevik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når det gjeld hyllemeter og spalteplass er nok poesien den minste av dei litterære sjangrane. Medan romanen nærast har ei hegemonisk regentstilling på det litterære feltet, blir poesien ofte rekna for å vere smal og lite tilgjengeleg for det lesande publikum, og har med tida blitt redusert til ein eksilkonge utan land. Som komande bibliotekar har eg sjølv røynsle med kor vanskeleg det kan vere å skape blest og fortent merksemd rundt god poesi. Likevel vil eg hevde at poesien er viktigare i dag enn nokon gong før, og at den er eit heilt naudsynt næringsgrunnlag for språket vårt. Eg vil gå så langt som å seie at dersom me ikkje tek poesien på alvor, kan det få katastrofale følgjer for framtida.

I den nyleg omsette boka Opprøret. Om poesi og finans tek den marxistiske tenkjaren Franco Berardi utgangspunkt i poesien når han stiller ein diagnose for finanskrisa som har hatt fritt rådvelde på det europeiske kontinentet i snart seks år. Den grunnleggjande tesen til Berardi er at den informasjonsteknologiske utviklinga av finanssystemet – som før var avhengig av produksjon og omsetnad av faktiske varer – har ført til at verdiar blir skapt og omsette på digitale skjermar i form av teikn og symbol. Verdiskapinga er altså knytt til abstraksjonar som ikkje er knytt til ein konkret eksistens, slik til dømes ein vare er det. Kapitalkulturen sin framvokster dei siste tiåra har sørgja for at språket har blitt underordna det finansøkonomiske hegemoniet. På same måten som den til dømes har gjort lukke og venleik omsetjeleg gjennom massemedia sin dominans over kvardagslivet, har den òg gjort språket omsetjeleg. Språket blir skilt frå subjektet i det Berardi kallar automatisering, altså at ordet blir skilt frå det utseiande subjektet og lever uavhengig gjennom maskiner, som i dømet ovanfor. «Ord er ikke lenger en faktor i konjunksjonen av snakkende affektive kropper», seier Berardi «men noe som kobler sammen betydningsgivende funksjoner som økonomien har transkodifisert». Når språket blir omforma til å vere ein tenesteytar for det finansøkonomiske systemet, forsvinn ifølgje Beradi den instinktive sida ved utseiinga. Resultatet er at språket blir kjenslelaust og denoterande. Det mistar si konnotive, mangetydige og eksplosive kraft til fordel for eit rasjonelt språk. Eit språk som er så tørt og kaldt at det blir ein språkleg tundra. I eit samfunn der den unge generasjonen i stendig større grad lærer språk frå maskiner heller enn frå mødrene sine, treng menneska eit effektivt remedium. Det er på bakgrunn av denne analysen Berardi peiker på poesien som eit verktøy for å reaktivisere det affektive språket: «Poesi er det ikke-utbyttbares språk, den uendelige hermeneutikkens tilbakekomst, tilbakekomsten av språkets sanselige kropp. Jeg snakker her om poesi som et språklig overskudd, en skjult ressurs som gir oss muligheten til å gå fra et paradigme til et annet».

Berardi skriv med finanskrisa som utgangspunkt, altså i ruinane av det kollapsa finanssystemet i Europa. Han tolkar demonstrasjonane, massemønstringane og protestane mot finanseliten som ein freistnad på å reaktivere den sansande sensibiliteten som det økonomiske systemet har stole frå folket, ei attvinning av den sosiale fellesskapen som har forvitra i det nedkjøla finansspråket. For oss nordmenn som lever i ei trygg oljerøynd, er det lurt å merke seg at finanskrisa er mykje meir enn berre eit økonomisk samanbrot. Den tek form av å vere like mykje ei psykologisk, sosial og menneskeleg apokalypse som ei nedgangstid. Me har alle lese skrekktala som seier at helvta av spanske ungdomar står utan jobb, og medan dei nyliberale høgrepolitikarane er meir opptekne av å redde bankar og drive balansepolitikk enn å skape arbeidsplassar, forsvinn framtida til dei unge i natt og tåke.

For to år sidan såg eg stykket Kill Them All! av Tore Vagn Lid på Nationaltheatret. Tittelen i seg sjølv er eit godt imperativ for finansklassen si rovdyrframferd overfor vanlege menneske. Skodespelet tek utgangspunkt i lagnaden til eit knippe menneske som verkeleg har vore i live, men som no er døde. Det som råka meg tyngst og etsa seg inn i hugen var ein gresk arbeidslaus musikar som tok med seg den demente mor si opp på taket og hoppa, fordi han var for fattig til å ta vare på henne. Frametter vil eg at du skal tenke på denne mannen sin desperasjon når du føresteller deg krisa på kontinentet. For det handlar ikkje om inflasjonsnivå, kvartalsresultat eller børsnoteringar. Det handlar om medmenneske.

Utan eit revitalisert språk som forsterkar menneskelege fellesskap og opnar opp for det einskilde individet sin kapasitet til å leve seg inn i og ta del i andre individ sitt tilvære og lagnad, risikerer ein at egoismen overmannar nestekjærleiken. Berardi viser til korleis digitale maskiner er avhengig av ein einskapleg, språkleg syntaks for å kunne fungere. Det finst ikkje rom for nyansar, ambivalens eller språkleg rikdom i eit slikt system. Alle som har prøvd seg på grunnleggjande koding, veit kva eg talar om. Den menneskelege samhandlinga med maskinene fører til at mennesket – den sansande organismen – byrjar å undertrykke sin eigen sensibilitet: «Sensibilitet – det vil si evnen til å tolke og forstå det som ikke kan uttrykkes med verbale eller digitale tegn – kan være ubrukelig og også farlig i et integrert konnektivt system. Sensibilitet gjør tolkningsprosedyrene langsommere, dekodingen aleatorisk, ambivalent og usikker, og reduserer dermed den semiotiske aktørens konkurransedyktighet». Berardi ser ein etisk dimensjon i dette, ved at den manglande evna til sensibilitet øyder den empatiske krafta til mennesket. Kort fortalt grunngjev han dette med at solidariteten har ei materiell side og er avhengig av sameksistens i tid og rom, slik til dømes den gamle arbeidarklassa var knytt saman til fabrikken og arbeidsfellesskapen. Med 1980-talets utflagging, deindustrialisering og veksande IT-industri, blei arbeidsplassen svekka som sosial fellesskap, allvisst det faktum at stadig fleire nyttar arbeidsdagen til å sitje framfor skjermar og kommunisere med digitale system.

Tankane til Berardi er forvitnelege, nett fordi forvitringa av empati er eit grunnleggande trekk ved samfunnet i byrjinga av det 21. hundreåret. Kampen for velstand, status og sjølvrealisering krev konkurranse. Kapitalismen kløyver samhaldet mellom menneske gjennom kravet om at me må konkurrere for å overleve. For at du skal oppnå status og velstand, er det logisk naudsynt at nokon andre ikkje oppnår det same. At denne kampen ikkje lenger handlar mest om materiell kapital i form av kjøpskraft og formue, men òg i større monn om symbolsk kapital i form av ein kamp om status og merksemd, syner kor langt kapitalismen har gått i å invadere livssfæren. Det er kanskje å seie det openberre, men dagens marknadsliberalisme krev dessutan konkurranse mellom nasjonane, slik at vår velstand og tryggleik er aksla på lidinga til dei fattige i verda. Når vanlege menneske – meg sjølv inkludert – aksepterer denne enorme katastrofen, som omsluttar oss på alle kantar, seier det noko om at dei empatiske antennene våre tek inn stadig færre signal utanfrå. Når du kjøper dei billege kleda, den rimelege mobiltelefonen eller endåtil når du tingar bøker frå Amazon til spottpris er det på kostnad av vanlege arbeidsfolk. Denne fornedringa er ein sentral del av det økonomiske maskineriet kvar dei fleste av oss har blitt redusert til små, verksame tannhjul.

Hadde dagens kapitalkultur hatt eit større forråd av språkleg sensibilitet, er det godt mogleg at utviklinga kunne vore bremsa, om ikkje stogga fullstendig. På individnivå finst det fleire døme på kva mangelen på eit sensibelt språk som søkjer å skape samband med affektive kroppar kan føre til at vald og herjingar. Når nazibyråkraten Eichmann blei stilt for retten i Jerusalem i 1961 noterte Hannah Arendt og fleire med henne at den lydige folkemordsorganisatoren førte eit korrekt, danna og veltalande språk, som samstundes var tørt og blotta for fantasi og kreativitet. Språket hans mangla rett og slett ein sensibel dimensjon. Viss me skrur tida femti år fram i tid og reiser frå solpalmane langs den heilage byens gater til det gråe panoramaet som møter ein utanfor Tinghuset i Oslo sentrum, finn ein endå eit døme på den same skremmande mangelen. Eg har lenge lova meg sjølv å ikkje skrive om Anders Behring Breivik. Eg har aldri sett teikn til eit velutvikla, kritisk intellekt som kunne gjere mannen interessant, og dessutan er det nok av folk som let seg fascinere av blodsdåden hans. Men no gjer eg det altså likevel. Mest fordi det er forstemmande at elles skriveføre og tenkande folk er mest opptekne av å trenge inn til personen Anders Behring Breivik, heller enn å sjå på samfunnet som skapte han. Hadde Noregs mest forrykte massemordar i moderne tid vokse opp i eit trongfjordslende på Vestlandet eller i Brumunddalen, har eg ein mistanke om at media hadde sett lokalsamfunnet under lupen på leit etter svarte strømmingar. Men Oslo vestkant ligg for nært makta og kapitalen. Det er for mange innverknadsrike og mektige menneske langs dei rike alleane og stillferdige villastroka til at det blir stilt spørsmål ved samfunnet han voks opp i. Kva hadde dei materialistiske oppvekstvilkåra i eit overflatisk, borgarleg miljø å seie for den psykologiske profilen til massemordaren? Historisk veit me at NS hadde relativt høg oppslutning i Oslo samanlikna med resten av landet, som Kjartan Fløgstad har påvist i den avslørande pamfletten Brennbart, for øvrig skriven som ein reaksjon på ei bokbrenning utført av noverande skulebyråd i Bergen, Harald Victor Hove, i god høgretotalitær tradisjon. Eg skal ikkje seie meir om det eller freiste å skissere eit samband. Eg berre nemner det medan eg føresteller meg dei smale augo til ein mordar i Oslo tingrett og kviskrar ordet vestkantkrokodille for meg sjølv, merkelappen diktaren Tor Jonsson gav desse kyniske menneska han møtte som nyss innflytta bygdegut i hovudstaden.

Det eg vil seie om Breivik er at han syner fram dei same manglane som Eichmann i si tid hadde. Etter pågripinga blei det observert at han uttrykte seg med eit matematisk-teknologisk språk, der han til dømes brukte prosentopplysingar for å skildre kjenslemessige tilhøve. Språket hans er instrumentelt heller enn instinktivt, kalkulerande heller enn kjenslestyrt. Teknokratiske termar har erstatta empatiske vendingar, og skapar eit språk som ikkje berre unngår å kommunisere med affektive kroppar, men som dessutan sjølv tilsynelatande ikkje spring ut or ein affektiv kropp. Breivik har eit språk som er saumlaust tilpassa det finansøkonomiske systemet sine behov. Jens Elmelund Kjeldsen, professor i retorikk ved Universitetet i Bergen, har kalla den Breivikske språkføringa for «et passivt dehumaniseringsspråk». Men ein skal ikkje misforstå ved å tru at Breivik freistar å unngå røynda. For prosentrekningar og matematikk er hans naturlege måte å møte røynda på. Det er slik han kategoriserer og forstår omgjevnadene sine. Det er skremmande å tenkje attende på korleis fleire fagfolk sa at Breivik kunne blitt ein dyktig forretningsmann. Skremmande fordi det seier mykje om det postmoderne samfunnet og dagens finansøkonomi. Det avdekker implisitt korleis finansøkonomien har utvikla seg til å bli eit friområde for kynisme og egoisme. Det har gått så langt at finansøkonomien faktisk kunne trengt ein mann som Breivik. Den kunne tent stort på ein mann med eit uforstyrra, maskinelt språk i rekkene sine. 

Psykiatrien har sjølvsagt sine diagnosar og patologiske tenking om ein mann fribunden frå emosjonar, men eg – og fleire med meg – ønskjer minst av alt eit samfunn kvar psykiatrien står att som einerådande seidmann, med løynde evner til å sjå inn i tida. Psykiatrien er jo, når alt kjem til at, ein vitskap på trass, for å seie det med Hamsun. Og rettssaka i kjølvatnet av 22. juli tyder vel på at Hamsun fekk rett i det òg. For Behring Breivik er ikkje berre eit trist psykososialt kasus, han er meir enn som så: Breivik er det 21. hundreårets prototyp, eit eksperiment, ein Frankenstein som har snudd seg mot sin eigen skapar, slik Eichmann var det førre hundreårets mann. Eichmann var som kjent ikkje nokon fenrisulv som sleit seg laus og øydde jorda. Han var eit produkt av tida han levde i. Ei tid som hadde utvikla byråkratiske prosedyrar til perfeksjon, som hadde mange års røynsle med utbytting og mord på «dei andre» i koloniane og som øvde lydigheit overfor fedrelandet. Behring Breivik er på si side konsekvensen av ei tid som er oppslukt av materielle verdiar, som riv laus sosiale fellesskap, som set kjøleg fornuft over varme kjensler og som konkurrerer heller enn å samarbeide. Gjennom terroraksjonen har livet hans fått ei meining, frå einecella er han del av ein verdsomspennande, høgreekstrem fellesskap, og intellektet hans får brei merksemd frå media og akademia.

Til liks med nazismen refererer Breivik til konspirasjonsteoriar, skriv om historia til enkle romansar og skapar fiktive fiendar. Men det viktigaste er ikkje ideologi, men korleis Breivik og Eichmann står mot kvarandre som menneske. For dei deler same lagnad. Det er snakk om to innskrenka, men likevel evnerike intellekt som er på feil stad til rett tid. Hadde dei levd i ei meir uskuldig tid, kan det hende ting ville sett annleis ut. Det tyder ikkje at eg ikkje samanliknar dagens situasjon med nattferda nazismen utsette verdshistoria for. Eichmann fekk trass alt moglegheit til å ta livet av millionar, medan Breivik måtte bygge bomber i skjul og lure seg til ei øy for å drepe flest mogleg. Dessutan er Breivik meir primitiv enn Eichmann. Sistnemnde kunne aldri drepe folk for fote, slik Breivik gjorde. Men dei har det til felles at dei båe er produkt av det samfunnet dei er ein del av. Det er snakk om sider ved samfunnet som i dagsljos blir så perverse at ingen hadde godteke det, hadde det ikkje vore for at det moderne mennesket har blind tiltru til at den objektive røynda er fornuftig, jamvel om den ofte viser seg å vere det motsette.

Men det er ein del ting som skurrar i analysen så langt. Dei fleste vil nok vere samde om at Eichmann og Breivik har eit avgrensa språk som sannsynlegvis står i stil med intellektet. Men paradokset ligg ikkje langt unna: Eichmann var jo del av ei rørsle som har oppnådd herostratisk ry for å ha eit svulstig, fargerikt og kjenslelada språk, personifisert ved oratoren Adolf Hitler. Og videoklyppet Breivik spreidde på verdsveven i samband med terroraksjonen var full av patos og melodrama. Det er nærliggande å tru at forklaringa er å finne i mangelen på sensibilitet. Breivik har sannsynlegvis ikkje mista evna til å lide på vegne av sitt eige martyrium, men sensibiliteten, forstått som evna til å tolke lidinga til andre instinktivt, har trekt seg attende til eit djupt mørke. Når det gjeld tilhøvet mellom Eichmann og den nazistiske rørsla, er det viktig å hugse at finanskrisa den gongen var like djup som ho er i dag. Til liks med dagens Europa var Tyskland herja av sosial uro, naud og opptøyar. Berardi forklarer som eg allereie har nemnt den sosiale og psykologiske funksjonen ei slik kollektiv mønstring av menneskehjarte inneber: «Jeg tror ikke at de engelske opptøyene og de italienske revoltene og de spanske acampada bør betraktes som revolusjonære former med konsekvenser, ettersom de ikke virkelig er i stand til å ramme maktens hjerte. De må forstås som en form for psykoaffektiv reaktivering av den sosiale kroppen…». Han seier altså at opptøyane handlar om å vekke til live dei affektive kroppane, å attvinne sensibiliteten frå finanshegemoniet. Det er langtfrå problematisk å forstå den nazistiske protestrørsla sin snøgge framgang på same måte. For dei sosiale og materielle problema blant vanlege menneske har ikkje forandra seg sidan Weimarrepublikkens dagar. Og trass i at nazismen for ettertida står som eit symbol på hat og umenneskeleggjering, skal ein ikkje gå i den villfaringa å tru at nazismen ikkje hadde nestekjærleiken som ein del av vokabularet. Ideologien er full av kjærleik til nasjonen, til føraren, til folket, ariske medborgarar og medsoldatar. Det første knoppspranget til nazismen kom nett i form av soldatfellesskapet frå skyttergravene, som heldt fram med å leve i dei bayerske øl-kroene etter krigen. I ei opprivande tid prega av nederlagskjensle og kollektivt forfall, fann soldatane ein delt lagnad hjå kvarandre. Nazismen som rørsle voks ut or denne reaktiveringa av affektive kroppar. Samstundes med at ein vekte kjenslene til det tyske, germanske folket, stengde ein jødane utanfor og nytta eit dehumaniserande språk i omtalen av desse. Dei blei redusert til stereotypiar og konspiratoriske langnasar, om lag slik Breivik omtalar sine fantasikreatur i vår tid. I denne konteksten kan nazismen seiast å vere ein språkleg hybrid. På den eine sida  reaktiverte ein dei affektive kroppane, på hi sida nytta ein eit dehumaniseringsspråk i andre samanhengar. Og det er nett i denne splittinga Eichmann kjem inn i biletet. Det lidenskaplege, oppblåste språket passar kan hende ikkje hans personlege språk, men dehumaniseringsspråket ein nytta om jødar og andre uønskte grupper, la til rette for Eichmanns pertentlege dødsmakt.

Kvifor er forresten dei to historiske lagnadene her omtala som intellektuelt innskrenka? Lat oss berre for ein augneblink gå ut frå at til dømes Behring Breivik faktisk er eit stort intellekt, at han har sett eit lys som har gått utanom alle oss andre. Problema melder seg med ein gong. For ein kan ikkje tenke seg eit intellekt utan fantasi, innleving og intuisjon. Eit intellekt er splitta og delt i to dersom det berre er rasjonelt og analytisk, men ikkje har evna til å identifisere seg med andre. Ifølge ordboka er det empati eg vurderer som den andre helvta av intellektet. Dersom ein ikkje har empatiske evner, vil ein snøgt få  problem med å orientere seg mot den viktigaste delen av røynda: det andre mennesket. Det er ei negativ side ved opplysningsarven  i vestverda at ein stendig har sett ratio – fornuft – i samanheng med det intellektuelle. For intellektualitet er umogleg utan kjensler, intuisjon og fantasi. Og i eit samfunn som framelskar rasjonalitet, teknologi og økonomisk vokster er det naudsynt å opne opp att augo for sensibiliteten og gjennom den medkjensla og den indre identifiseringa med andre menneske. Det er i reaktiviseringa av den delen av intellektet poesien kan spele ein livsviktig rolle som «språkets sanselige kropp».

Grunnen til at poesien skil seg frå de daglegdagse modernitetsspråket, ligg i korleis det profane språket blir sendt gjennom ei marknadstilpassa kapitalkvern, medan poesien slik Berardi ser det «…er det språket som ikke kan reduseres til informasjon, og som ikke kan byttes ut, men som åpner opp for en ny grunn av felles forståelse og mening: skapelsen av en ny verden». Vidare snakkar han om korleis poesien kan overskride kremmarspråket og korleis den skapar nye tydingar og meiningar i språket. Eg samtykkjer med Berardi, fordi eg sjølv har kjent på kroppen korleis poesien kan opne for ein heilt annan sensuell omgang med røynda enn kva eit tørt protestantisk hjarte elles er van med. Det var møtet med  den spanskspråklege surrealismen og poetar som César Vallejo og Federico Garcia Lorca som synte meg ei nyskapt verd. Poesien deira er høge vassdrag av vekselvis fallande og stigande kjensler. Lange, snirklande linjer, utropsteikn og spørsmål kjenneteiknar  dikta deira. Dei ber med seg så mange emosjonar inn i diktinga si at det er, som Robert Bly har skrive, som ein dam av kjensler fell over deg. Dei manar avantgardistiske bilete fram frå ei underleg tåkeverd som likevel er så verkeleg, så verkeleg. Og desse bileta er ikkje henta frå den same kjelda som dei europeiske surrealistbrørne deira hentar si næring frå. Medan mange europeiske diktarar ikkje trur at det undermedvitne har kjensler trur dei varmblodige, spanskspråklege diktarane at det undermedvitne er eit djup av mektige kjensler. Sjå til dømes på desse innleiande linjene i «Forlatt kirke» av Lorca:

Jeg hadde en sønn som het Juan.
Jeg hadde en sønn.
Han forsvant i buegangene en fredag alle dødes dag.
Jeg så ham leke under messens siste trinn
og hive en blikkterning inn i prestens hjerte.
Jeg har hamret på likkistene. Min sønn! Min sønn! Min sønn!

Dei har liksom ikkje teke på seg europeiske augo enno, men har fortfarande noko av dette naturlege, instinktive blikket me manglar (Lorca var frå Grenada, ein av dei siste områda som blei underlagt europeisk herredøme). Det er ikkje tilfeldig at dette diktet hentar motiv frå ei kyrkje, for dei spanskspråklege poetane er framleis religiøse på sin måte. Kanskje er det indianarblodet, kanskje er det katolisismen, men helst er det desse to kreftene me i vestverda gjerne ser som avstengte dualismar, i ein storfelt symbiose.  Både Vallejo og Lorca har noko av dette irrasjonelle, dette dyriske eller vilt åndelege som gjer at den konkrete røynda blir skildra i magiske fargar. Dei er poetiske halvblodingar. Dikta til Vallejo syner til dømes eit nært tilhøve til vestleg idètradisjon, men står likevel alltid med ein fot utanfor det europeiske. Det er alltid tale om ein avstand, som når han står som fattiglem i Paris og ser opp på ei statue av Voltaire, eller når dagdrøyminga fører han frå dei breie boulevardane i Paris til eit eseløyre heime i Peru. Vallejo var ikkje berre ein mestis i kjødet, han er dessutan ein mestisforfattar, ein poet som finn styrke i spaltinga mellom Europa og Latin-Amerika, mellom fornuft og kjensler. Vallejo og Lorca kommuniserer med vestverda både fysisk og åndeleg, men poesien deira er likevel framand, irrasjonell, merkeleg og ukjent for det rasjonelle Europa.

Me har teke i miss. Det viser seg at det er me som treng poesien, og ikkje poesien som treng oss. Det blir stendig snakka om korleis poesi har blitt ein veslebrorsjanger for dei spesielt interessert, eventuelt eit esoterisk felt blant ein sirkel av innvigde. Ein har trudd at poesien var ein tempelkunnskap fordi den ikkje klarte eller ville nå ut til folket, så syner det seg altså at det er omvendt: det er me som ikkje når ut til poesien. Me når ikkje ut til han fordi me har hamna under hjula til den stadig drivande kapitalkulturen som stikk djupe spor i sinna våre. Den hypnotiske krafta til denne upersonlege rørsla har i tospann med digitaliseringa lurt oss til å gløyme språket si heilage kraft. Me har gjort ordet til eit middel for økonomisk heller enn menneskeleg samhandling, og dimed har me rasjonalisert bort språkets emosjonelle og samanbindande side. Parallelt med språkfallet kom kollapsen av sosiale fellesskap, som fyrst no er i ferd med å reise seg i opprørets oske på kontinentet. Skal nestekjærleiken, det medmenneskelege og dei affektive kroppane overleve i framtida, må dei ha eit vern og eit våpen mot kapitalkulturen og den internasjonale finansielle eliten representert ved dei kjenslekalde ågerkarane i EU, som meiner at dei rike har rett til å bli enda rikare, medan alle andre skal betale gjelda for den same elitens uansvarlege opptreden. Det er her me finn makta i poesien. For lånehaiane og spekulantane eig oss berre så lenge dei eig tankane våre. Så lenge me går med på å nytte deira språk og tilpasse oss deira ønskje, er tanken på frigjering berre eit symbol på ei tapt framtid. Men dersom me finn att til sensibiliteten, til det kjenslevare, til den felles varmen mellom menneska og det vitale overskotet av språk, kan ein ny dag bygd på solidaritet og samkjensle byrje i Europa. Eller som Franco Berardi seier det til slutt i Opprøret: «Bare en språkhandling som unnslipper finanskapitalismens tekniske automatismer vil gjøre det mulig for en ny livsform å komme til syne».