Det pengar ikkje kan kjøpe

Tore Storehaug
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gode som tidlegare blei fordelt etter kven som fortjente dei blir no fordelt etter kven som kan betale for dei. Dersom du treng handfaste døme for å tru denne påstanden stiller den kommunitaristiske filosofen Michael Sandel villig opp. Han påpeikar at ein i staten California kan oppgradere cella si for 82 dollar natta om du hamnar i fengsel. Om du derimot ikkje har lyst i fengsel, men likevel har lyst å skyte eit utryddingstruga svart nasehorn kostar dette deg 150 000 dollar – det er omtrent seks gangar så mykje som det kostar å få ei indisk surrogatmor til å gjennomgå graviditet for så å gi barnet til deg. Vi treng ein debatt om dei tinga vi verkeleg verdset mister sin verdi om vi gjer dei om til varer.

Då eg gjekk på barneskulen utvikla det seg eit fenomen blant nokre av familiane til klassekameratane mine. Foreldre ønskte å gje borna endå eit initiativ til å lære seg å symje godt og betalte difor godt om du kunne møte opp heime med ein ny symjeknapp. «Marknadsprisen» i klassen min låg kring ei krone per meter, altså tente du 200 kroner første gong du tok 200-metersmerket.  Eg sjølv var ein dårleg forhandlar og fekk berre halvparten. I dag skjemst eg til og med over det. Etter at eg lærte meg å symje godt fann eg nemleg ut at dette var ei glede i seg sjølv, ikkje berre eit middel til meir pengar og meir godteri i helga.

Ikkje berre vil eg hevde at denne «kommersialiseringa» av symjeopplæringa gjor den fattigare, eg trur faktisk også at den gjor den dårlegare. Når det ikkje lenger er verdiar og moral som er drivkreftene bak våre handlingar blir ofte også resultatet dårlegare. Det beste dømet på dette er frå den britiske sosiologen Richard Titmuss si bok «The Gift Relationship» der han samanlikna blodgiving i Storbritannia (der ein ikkje fekk nokon kompensasjon) med USA (der ein fekk betalt) i 1970. Titmuss fann ut at i USA blei blod i hovudsak gitt av fattige personar som verkeleg trengde pengane, medan det i Storbritannia blei gitt mest frå betrestilte borgarar. Ikkje nok med det; det britiske systemet utan økonomiske insentiv var også det som skaffa mest blod! Korleis kunne dette forklast? Jo, sidan ein ikkje fekk betalt for blodet i Storbritannia blei det sett på som ei gåve, noko du kunne gi og som kunne redde liv. Dermed vart det knytt andre moralske normer til det enn i USA der det kokte ned til vanleg marknadsmoral.

Eg har ikkje eit fasitsvar på kva pengar ikkje burde kjøpe. Men det eg veit er at dette er eit område som trengst å diskuterast. To gutar i Storbritannia kom med eit sterkt døme då dei oppretta nettstaden cheatneutral.com, der personar som ikkje var trufaste kunne betale ei avgift som blei brukt til å sponse par som var trufaste. På denne måten blei det totale utru-nivået upåverka og lågt. Publikum syntes denne nettstaden og denne idéen var heilt bak mål, ei feil handling var ei feil handling og ikkje noko ein kunne kjøpe seg bort frå. Dei to gutane spurte då kvifor det ikkje blei satt spørsmålsteikn med kvotehandel av CO2. Eitt tonn CO2-utslepp kan «kompenserast» for 13 euro – er ikkje det nesten det same som å kjøpe seg fri etter å ha vore utru mot kloden? Slike spørsmål treng vi fleire av, for det er dei som sikrar oss at den frie marknaden kjenner sitt kompetanseområde (der han gjer ein god jobb). For å seie det som Sandel: «vi må passe oss så vi ikkje går frå å ha ein marknadsøkonomi til å bli eit marknadssamfunn».