– Det finst ikkje noko kompromiss for LoVeSe og framtida vår!

Ingrid Skjoldvær (23) er attvald som Natur og Ungdom-leiar.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Avviser olje-kompromiss i nord

– Natur og Ungdom fyller 50, og har vunne mange slag for miljøet opp gjennom åra. Men vi har enno ein stor jobb å gjere. Politikarane pratar med flotte ord om klima, men sluntrar unna ansvaret for å gi oss som er unge ei leveleg framtid, seier Ingrid Skjoldvær.

Søndag vart ho attvald som leiar for Natur og Ungdom under landsmøtet i organisasjonen, som i år feirar sitt 50-årsjubileum. Ingrid Skjoldvær er 23 år, kjem frå Sortland i Vesterålen, og har vore leiar for organisasjonen det siste året. Ho har fleire saker på arbeidslista for 2017:

– Natur og Ungdom skal saksøke staten for oljeboring i Arktis, stanse ein ny rullebane på Gardermoen og hindre gruvemafiaen i å dumpe giftig gruveslam i dei verdifulle fjordane våre.

LES OGSÅ: Natur og Ungdom går til sak mot staten

IngridGauteMagnus
Ingrid Skjoldvær saman med nestleiarane Gaute Eiterjord (21) og Magnus Storvoll Strømseth (21), som også blei attvalde under landsmøtet. Foto: Maria Birkeland Olerud / Natur og Ungdom

Aller viktigast blir likevel kampen mot oljeboring i havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja, som ser ut til å bli eit heitt tema også i årets valkamp.

Skjoldvær seier klart nei til kompromiss som inneber at delar av områda blir opna, slik enkelte i Arbeidarpartiet har tatt til orde for dei siste dagane (ekstern lenke).

– Det finst ikkje noko kompromiss for framtida vår! Dette er våre mest verdifulle og sårbare havområder, og gir oss tusener av fornybare arbeidsplasser i fiskeri og reiseliv. Etter 15 år med kunnskapsinnhenting tilseier alle miljøfaglege råd at olja i desse områda må bli i bakken, seier Natur og Ungdom-leiaren, og krev at Arbeidarpartiet og Jonas Gahr Støre «droppar oljeskylappane».

LES OGSÅ:


Me intervjua Ingrid Skjoldvær som nyvald Natur og Ungdom-leiar i fjor: Lovar framleis kamp mot gruvedumping og oljeboring (foto: NU)


Ei fersk meiningsmåling viser at fleirtalet støttar Natur og Ungdom i kampen mot oljeboring i nord. Les meir om det her! (foto: NU)