Designa klede av lakseskinn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Tysdag denne veka viste avgangselevane ved kles- og kostymedesignlinja ved Kunsthøgskolen i Oslo fram dei nye avgangskolleksjonane sine på DogA (Norsk Design- og Arkitektursenter), skriv Dagbladet.


Ei av dei var Solveig Aksnes frå Stord, som viste fram ein sporty og stram kolleksjon av strikk, elastisk nylon og undertøymateriale. I kolleksjonen var det òg ei jakke og ein vest av lakseskinn.


– Eg er frå lakseoppdrett sjølv, så det er eigentleg morosamt å tenkje på at eg har teke med meg det derifrå. Men det er greitt å jobba med. Det skal vera like slitesterkt som vanleg skinn, seier Aksnes til Dagbladet.

– Dykk som kjem frå Stord kan vera stolte av Solveig. Ho har jobba sakte, men sikkert gjennom studiet, og utvikla seg mykje. No står ho fram som ein interessant designar, som har teft for eit moderne uttrykk i designet sitt, seier Kristi Bræin, fagansvarleg på kles- og kostymelinja på Kunsthøgskolen i Oslo, til Sunnhordland.

Les fleire mote-saker her!

Solveig Aksnes har laga både jakke og vest av lakseskinn. Foto: Guri Aksnes

Les saka i Sunnhordland!