Den nye nazismen

Ole Mjelstad
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 9. april 1940 innvaderer Nazi-Tyskland Norge. Uniformkledde nazister marsjerer i gatene, med hakekors på armbåndene. Okkupasjonsstyrka inntar Kontraskjæret ved Akershus festning, og heiser Nazi-flagget. Nazismen brer seg over Europa, og Norge går inn i fem mørke år.

9. april 2011 arrangerer den nynazistiske organisasjonen Norwegian Defence League demonstrasjon mot islam, på Kontraskjæret ved Akershus festning, Oslo. Samme stad som Vidkun Quisling vart innsatt som ministerpresident i 1942. Dette er ikkje tilfeldig.

NDL påstår sjølv at dei ikkje er nazister. Valg av dato- og stad er eit ledd i deira arbeid for å framstå som ein ”rein” organisasjon. I følge dei sjølv har dei valgt datoen for å markere at muslimene innvaderer Noreg på same måte som Tyskland i 1940. At islam truar demokratiet på same måte som Nazi-Tyskland gjorde. Med dette freistar dei å ta avstand frå sin brune tradisjon. Den nazistiske tradisjonen som blant anna drepte Benjamin Hermansen på Holmlia.

Dette er lett å gjennomskue. Lena Andreassen, og NDLs facebookprofilar har vore gjennomsyra av nynazistiske grupper og bilete. Blant anna har Andreassen hatt bilete av logoen til Nasjonal Samling liggande ute på sin facebookprofil. Ein veit og at fleire kjente nazistar er involvert i organisasjonen.

Nazistane har tatt på seg søndagsklede
Medan ”dei gamle” nynazistene var åpen om si tilhørsle til den nazistiske ideologien, er dei nyaste blitt smartare med åra. Der dei før marsjerte i millitærstøvlar i takt mot jødar, har dei nye rasistiske og nazistiske rørslene tatt på seg burberryskjerf og designarsolbriller, og snakkar varmt om fridom og ytringsfridom. Dei er berre litt bekymra for radikal islam.

Nazisme er det likevel. Det er lite som skiljer den bølgja av høgreekstremisme som flommer over Europa i dag frå den spede byrjinga av nazismens spreiing på 1930-talet. Bortsett frå kva gruppe som er skyteskiva for hatet. Før var det jøder, no er det muslimar. Ekstreme grupper som NDL og Stopp Islamifiseringa av Norge (SIAN) freistar å teikne eit bilete av seg sjølv som deltakere i den seriøse politiske debatten.

Same shit – new wrapping, som dei seier på nynorsk.

Denne utviklinga i dei høgreekstreme rørslene er det viktig å kjempe mot. Dersom NDLs dårleg skjulte nazisme vert stoverein, er det oppskrifta på eit meir rasistisk samfunn. Heile den offentlege debatten vil flytte seg.

Den gode nyheten er at nordmenn ikkje lar seg gjennomskode. På NDLs demonstrasjon på Kontraskjæret, 9. april 2011 var det betydeleg færre nazistar enn på same stad i 1940. Ti – 10 – stykk hadde møtt opp for å vise støtte til NDL og deira sak. Den antinazistiske motdemonstrasjonen ein halv kilometer unna samla 1000. Ropa er klare. Nazismen skal knusast. Aldri meir 1940.