Den fyren
Det er mykje no.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Haustklede skal kjøpast. Det tek tid. «Skal vi danse» begynner i helga, og heller ikkje denne gongen har vi høyrt om halvparten av kjendisane frå før. Det kjem til å ta masse tid å sette seg inn i kven dei er alle saman. Dessutan er det mange saker ein må finne ut kva ein meiner om: Ekstremisme (Det er vi mot. Og så skal vi bruke ein heil del tid på å diskutere kven av oss som er mest mot på rett måte), OL (Det er folk tydeligvis mot no, fordi folk er mot, om eg har forstått det rett), budsjettforhandlingar (Det lar vi inntil vidare vere å bry oss om).
LES OGSÅ: Bråk ca twenty four seven
Så det siste du har bruk for, er meir å tenke på. Det nest siste du har bruk for, er meir å lese og meir sette seg inn i. Det skal du også sleppe. For her, endelig, er mi faste årlige spalte:
Bøker og slikt som folk snakkar om og som du ikkje kjem til å lese, presentert for deg av ein annan fyr som heller ikkje har lese dei, men som gjerne gjettar kva som står der.
Eg er den fyren. Viss du lurte.
Først: Årets romanar.
Romanane alle skal lese no, er den siste til han langhåra fyren som ser så trist ut (Den viser sannsynligvis at det er mykje mørke greier i liva til folk viss du berre ser etter), ei utanlandsk bok som heiter noko med år eller månader (Den er sannsynligvis full av livsvisdom), og den siste til Anne B. Ragde, som sannsynligvis heiter noko sånt som «Jeg har hekla noe greier som ligger her og slenger».
Så: Andre bøker folk snakkar om.
Jonas Gahr Støre gav denne veka ut ei bok om det han har gått og tenkt på i det siste. Eg husker ikkje kva boka heiter. Sannsynligvis heiter ho «Det jeg har gått og tenkt på i det siste».
LES OGSÅ: Fire av ti liker meg
Det som står i denne boka, er sikkert noko sånt som dette:
«Vi mennesker – og samfunnet vi mennesker er en del av, enten vi vil eller ikke – er i bevegelse. Det eneste som er konstant i et samfunn med mennesker, er at dette samfunnet og disse menneskene er i bevegelse, og det er ikke noe vi kan løpe fra, fornekte eller la være å forholde oss til som mennesker i et samfunn. Denne bevegelsen går i ulike retninger: Bortover, nedover og oppover. Jeg vet ikke hvilken av disse retningene som vil vise seg å være den riktige, men jeg tillater meg å stille et spørsmål som vi som mennesker i et samfunn ikke kan velge å se bort fra. Det er flere ulike årsaker til at vi ikke kan velge å se bort fra dette, og hver enkelt årsak er sammensatt av flere ulike nivåer som går langs minst tre akser. Jeg vet ikke hvilket nivå eler hvilken akse som er riktig, eller hvordan vi eventuelt kommer oss dit, men jeg tillater meg å stille et spørsmål som er sammensatt og har flere ulike nivåer og kan gå i ulike retninger som kan gi oss svar som jeg ikke har. Det er det dette handler om.»
Denne veka kom det også ei doktoravhandling om artistane Marit Larsen og Marion Ravn, som har blitt diskutert ein del av folk som ikkje har noko betre å gjere. Hovudpåstanden i doktoravhandlinga er tydeligvis at Marit Larsen later som om ho er ekte, medan Marion Ravn later som om ho er falsk. Det som står i avhandlinga er sikkert noko slikt som dette:
«Marit Larsens iscenesetting av artisten «Marit Larsen» som Marit Larsen er eigentlig ei iscenesetting av Marit Larsen. Ikkje omvendt. Om ein studerer artisten Marit Larsens sjølviscenesetting i kjønnsperspektiv i ein transkulturell kontekst (og kven gjer vel ikkje det?), ser ein at ho søker ektheit og naturligheit i uttrykket, mellom anna ved å vere ganske lav og ha eit veldig vanlig namn. Ofte speler også Marit Larsen gitar, tydeligvis i eit forsøk på å framstå som ein artist som speler gitar.»
Neste veke kjem det fleire bøker som du skal sleppe å lese. Du kan stole på meg. Eg er den fyren.
LES OGSÅ: Jævlig tostemt