Jævlig tostemt

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Streiken rammar trass alt ein uskyldig tredjepart. Og eg tenker ikkje på elevane. Det skulle tatt seg ut. Eg tenker naturligvis på meg sjølv. Og på sånne som meg. Relativt alminnelige menneske som av og til følgjer med på nyheitene, og som no og då oppheld oss på torg sentralt i norske byar.

I det siste har det ikkje vore trygt å opphalde seg på torg sentralt i norske byar. Det har alltid vore ein overhengande fare for å treffe på ei gruppe streikande lærarar i matchande overdelar.

Lærarane må gjerne streike. Det er ikkje det. Men ulike yrkesgrupper har ulike måtar å streike på. Og lærarar er tydeligvis fullstendig ute av stand til å streike utan å bryte ut i song. Overalt der streikande lærarar samlar seg, så kan du vere sikker på at det er song. Der står dei, i dei matchande overdelane sine, med tekstark i hendene, og gyngar nølande frå side til side. Dei syng ein tekst dei har skrive sjølv til ein kjent melodi som går altfor sakte. Og dei tek ikkje i. Neidå. Dei ropar ikkje. Dei er trass alt lærarar. Dei legg vekt på at dei skal synge så fint dei kan. Og ikkje så veldig høgt. Og det går eigentlig ikkje an å gynge frå side til side til ein melodi som går så sakte. Så der står dei og nesten-gyngar og syng ganske lågt så fint dei klarar, i matchande overdelar. Og dei ser rett ned på tekstarka.  Og teksten er skriven av ein som er litt for fornøgd med å ha funne ut at «vanskelig» rimar på «fleksitid». Og det er nokre litt stygge ord i teksten, for lærarane er jo sinte og vil gjerne vise det, på sin måte. Kanskje er det faktisk eit såpass stygt ord som «jævlig» i teksten. Og du ser at lærarane kjenner seg litt ville og galne når dei syng såpass stygge ord. Dei er trass alt lærarar. Men nok er nok, og no er alt lov, tenker dei, så dei syng «jævlig». Nokre av dei syng det rettnok ganske utydelig, nesten mumlande. Nokre av dei ser seg rundt, litt bekymra. Nokon fniser litt. Nokon tek i litt for mykje for å vise at jaggu kan ein vere tøff i kjeften sjølv om ein har gått på høgskule og drukke te. Og det aggressive inntrykket blir uansett noko forstyrra av at lærarane syng «jævlig» tostemt. Dei er trass alt lærarar.

Og der står eg, og sånne som meg. Heilt uskuldige folk. Vi skulle berre ein tur på torget for å slappe av i lunsjen. Ta ein is eller noko. Men det går jo ikkje. Han som skreiv teksten har funne ut at med litt velvilje og ein ekstra bokstav så rimar faktisk både «vanskelig» og «jævelig» skikkelig bra på «fleksitid», og ein av lærarane viser fram at ho har brodert «KS er for jævlig». Brodert, altså. Og vi som er heilt uskuldige kjenner at her kan vi faktisk ikkje vere.

For vi liker jo lærarar, eigentlig. Fine folk med viktig jobb. Vi vil dei vel. Men eg kjenner at om eg blir på dette torget i så mykje som fem minutt til, så kjem eg til å miste all min sympati med lærarane. Om eg blir her i ti minutt, så kjem eg til å tenke at det kanskje ikkje er så dumt om lærarane må vere på skulen nokre timar meir kvar dag. Gjerne heile døgnet. Kva som helst, eigentlig, så lenge det held dei unna gata. Lærarar som går laus i gatene begynner før eller seinare – sannsynligvis før – å synge. Eller brodere. Eller begge deler. Ingen er tente med det. Ingen.

Så eg spring frå torget. Heim. Skrur på nyheitene på tv, i håp om å få noko elendigheit frå utlandet å kvile auga på. Men nei. Der er dei pinadø, der også. Lærarstreiken er hovudsak i nyheitene. Og alle som lager nyheiter på tv har lært at det er viktig med gode bilde, at det er viktig å vise ting i staden for å fortelje om det. Action, kort sagt. Derfor står reporterane på desse torga og snakkar, og i bakgrunnen ser vi lærarar som rimar «vanskelig» med «fleksitid», og prøver å gynge frå side til side til ein melodi som går altfor sakte og aldri sluttar.

Om berre motparten hadde opplevd dette, tenker eg. Om berre leiinga i KS blei tvinga til å sjå på forsiktig gyngande, nølande bannande og syngande lærarar i matchande overdelar, i berre eit kvarter, då ville dei gått med på alt.


Først publisert i Aftenposten 23. august.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!