Dei beste julemattipsa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bloggarane er Anita Stokke Blomvik frå Kvardagsmat.no, Gunda Djupvik frå Altgodt.no og vegetarbloggaren Mari-Louise Uldbæk Stephan frå Veggisbloggen.no. Alle dei tre er nominerte til prisen for Verdas beste nynorske blogg!

Kvardagsmat: – Julematen er null stress!
Anita Stokke Blomvik frå Kvardagsmat vart inspirert av andre bloggar, og fekk seg sjølv vekk frå Toro-posen på den måten. Slik fekk ho ein blogg med opptil 85.000 lesarar i månaden.

– Kva er det viktigaste du har på kjøkenet før jul?

– Det må vera kidsa sin julekalender, julestjerne i vindauget og sviblar på bordet.

– Kor tidleg startar du med julebaksten, og kor lang tid tek det?

– Me har stort sett starta med peparkakebaking siste helga i november, heime eller på hytta med besteforeldre. Peparkakene er den viktigaste julebaksten frå barndomen min. Dei siste åra har alle jentene på mamma si side samlast for å baka lefser, det har blitt ein fin tradisjon.

Blomvik fortel at læringskurven var bratt for lefsene.

– Me starta første året med iPaden på benken og null peiling, men lefsene vart supre likevel! I fjor hadde mamma notert tips og triks frå året før som kom godt med, og i år regnar eg med det heile går som ein leik. Desse dagane er uansett gull verdt, med gode samtalar over kjevla og tid til å møtast ei hektisk juletid.

LES OGSÅ: Bestilte kake – sjå den artige feilen

– Kor mykje stress er det eigentleg med julematen?

– Julematen er null stress i seg sjølv, spør du meg. Det er mat som lagar seg sjølv. Stressmomentet må vera forventningane som ligg rundt og at ein gjerne skal laga mat til fleire enn seg sjølv. At ein i tillegg har fleire kokkar med ulike meiningar på kjøkenet den dagen gjer at eg heller gir frå meg kokkeforkleet. For min del er det sosiale langt viktigare!

Kva et de på julekvelden? Og kvifor akkurat dette?

– Eg har fått servert pinnekjøt heile livet, medan mannen min er van med å ha ribbe i tillegg. Difor har me enda opp med begge, og etter kvart tykkjer eg faktisk at ribba kan måla seg med pinnekjøtet. Lukta av dampa pinnekjøt kan likevel ingen slå, og det må til for å få skikkeleg julestemning.

mokkafromasj

Dette er det viktigaste Anita Stokke Blomvik serverer til dessert. Foto: Kvardagsmat.no

– Av dessertar er det mokkafromasjen som er viktigast. Den MÅ vera med på julekvelden og i juleselskap.

Her kan du lesa Anita Stokke Blomvik si oppskrift på mokkafromasj.

LES OGSÅ: Frå Toro-kokk til heimelaga blogg

Margarin og alt det fæle i verda

Gunda Djupvik har bloggen Altgodt.no. Ho tilrår delegering av oppgåvene. Foto: Gunda Marie Næss

Alt Godt: – Fullkomligt kaos
Bak bloggen Altgodt.no står Gunda Djupvik. Sjølv om 12-15000 les bloggen kvar månad, er ho framleis overtydd om at det berre er veninnene som les det ho legg ut.

– Kva er det viktigaste du har på kjøkenet før jul?

– Det er steikeomnen. Utan den blir det verken ribbe, peparkakehus eller skjerpa fåreribbe.

– Kor tidleg startar du med julebaksten?

– Det går i rykk og napp. Ofte lagar eg deigen i god tid før, og frys den eller legg i kjøleskapet. Så steiker eg kakene rett før jul. Det førebyggjer svinn, og dessutan smakar nysteikte kaker best.

– Kor mykje stress er det eigentleg med julematen?

– Kunsten er vel å velja ut nokre ting ein likar å gjera og dela, og så prioritera det. Ei veninne av meg er knallgod på julekort, til dømes. Julebaksten er så som så, utanom ein type konfekt som er knallgod. Det er slik ein må tenkja, trur eg – ein kan ikkje vera juleverdsmeister i alt. Og når barna veks til bør ein ikkje vere redd for å delegere – barnearbeid er undervurdert i julestria.

– Kva lagar du på julekvelden?

– Eg serverer ribbe eller pinnekjøt, men i år skal me til foreldra som lagar alt. Fåreribbe, svineribbe, morpølser, medisterpølser, rabbestappe, surkål og raudkål – eit fullkomligt kaos, som svenskane seier!

Gunda Djupvik sitt beste tips til julematen er peparkakehuset. Ei detaljert oppskrift finn du her, på bloggen hennar.

LES OGSÅ: Margarin og alt det fæle i verda

Vegen til vegetar

Mari-Louise Uldbæk Stephan står bak Veggisbloggen – truleg verdas einaste nynorske veggisblogg. Foto: Privat/Veggisbloggen

Veggisbloggen: – Nøttesteik er eit strålande alternativ

Når jula nærmar seg, er det ofte mykje fokus på kjøtet. Er det snakk om ribbe eller pinnekjøt, kanskje kalkun? Mari-Louise Uldbæk Stephan, som står bak Veggisbloggen, har gode alternativ utan kjøt.

– Kva er det viktigaste du har på kjøkenet før jul?

– God kaffi, gjerne julekaffi med eit hint av krydder. Ei boks med skånske peparkaker er og veldig fint å ha på lur i desember.

– Kor mykje stress er det eigentleg med julematen?

– Det kjem sjølvsagt an på kva julemat ein brukar å laga, men for alle handlar det om å vera realistisk på kor mykje tid ein har og kor mange personar ein skal laga mat til. Med god planlegging går det meste bra.

– Kva lagar du på julekvelden?

– Dei siste seks åra har eg laga nøttesteik til julekvelden. Det smakar utruleg godt og kan gjerne lagast nesten heilt ferdig kvelden før. Oppskrifta eg brukar er full av smak, og ein sparar ikkje på noko som helst. Her er det både valnøter, pekannøter, cashewnøter, sopp, fennikel, raudvin og mykje anna snadder. Det fine med nøttesteik er at ein kan bruka det same tilbehøret som dei andre i familien som et kjøt til julemiddagen. Poteter, rabbestappe og raudkål er perfekt til nøttesteik.

I tillegg til nøttesteik trekk Stephan fram andre tips, som gjerne kan nytast i romjula.

– Eit av dei er biryani, ein indisk rett med blomkål, søtpotet, cashewnøter og ananas. Det er skikkeleg festmat!

Her finn du oppskrifta på Mari-Louise Uldbæk Stephan si nøttesteik, og i denne lenkja er oppskrifta på biryani

LES OGSÅ: Vegen til vegetar

nøttesteikA

Her er nøttesteika – eit godt alternativ til ribba. Foto: Veggisbloggen