Dansesteg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

MITT LIV – MINE VAL: Schia har gått gradene frå ballettskule som 6-åring, via danselinja på Fagerborg videregående skole til Kunsthøgskolen i Oslo. I åtte år var ho tilsett i dansegruppa Carte Blanche, i dag har ho og sambuaren Vebjørn Sundby satsa på livet som frilansarbeidarar og har heile verda som arbeidsstad.

– Mange sa eg var galen som sa opp ein god, fast jobb og vart frilansar. Det har heldigvis gått over all forventing, men det er eit usikkert liv når ein ikkje veit kva som skjer om eit halvt år. Men det er veldig kjekt, ein møter mange spanande menneske og får mange utfordringar.

Livet som frilansar betyr også at dansaren må organisere eigen kvardag, sjølv halde orden i at dei ulike jobbane ikkje krasjar og få tak i nye oppdrag.

Viktig dialog
Ho blir inspirert av det meste ho ser rundt seg. Om det er kollegar, folk ho treff på gata eller eit musikkstykke ho høyrer.

– Eg har dansa så lenge eg kan hugse. Som liten dansa eg på stovegolvet heilt til mor innsåg at eg burde få prøve meg på danseskule.

Når ho står på scenen i dag, om det er i Noreg, Paris, Tokyo eller London, er det alltid ein del nervar i spenn.

Når ting klaffar blir det nesten som meditasjon, ein blir så fokusert at ein stenger alt som er rundt ein ute. Eg tenkjer ikkje så mykje på kva mottaking stykket frå blant publikum, det er alltid kjekt at publikum er nøgde, men ein kjem ikkje langt viss ein berre arbeider for å please dei som ser på. Då trur eg ikkje ein alltid tar dei sjansane ein burde ta.

Sjølv om kunsten bør stå på eigne bein er dialogen med publikum viktig, og det handlar om meir enn applaus.

– Det er sjølvsagt stas viss publikum som strengt tatt har betalt for billetten føler dei får noko igjen. Ein merkar fort om ein klarer å kommunisere med dei som sit i salen, om ein klarer å gi dei noko. Det handlar ikkje berre om kor god applausen er på slutten av stykket.

Ein livsstil
No turnerer ho saman med Sidi Larbi Cherkaoui og  kompaniet hans; Eastman. Med 200 reisedøgn i året har ho turnert i om lag 20 land. Dansen er ikkje berre ein jobb, det er ein livsstil. I tillegg til å danse arbeider ho også med koreografi. I storfilmen «Anna Karenina» hadde både ho og Vebjørn roller, i tillegg var Guro assistenten til koreografen. Dermed måtte ho lære både Keira Knightley og Jude Law nokre dansesteg.

– Mange dansarar lagar sitt eige materiale, det er ei ekstra utfordring å ta med seg.

Kven er det som påverkar dei vala me tar?

– I dei store vala eg har tatt gjennom livet har eg lytta til magekjensla. Eg er opptatt av å våge å prøve nye ting, og eg har lært meg at magekjensla som regel har rett.

Korleis er det at kritikarane alltid skal bedømme det du gjer?

– Veit du, eg er faktisk meir opptatt av det faktisk blir skrive kritikkar av danseoppsetjingar enn kva som blir skrive der. Dei siste åra har slike oppsetjingar nesten ikkje blitt vurdert i avisspaltene, det er synd.

Les fleire saker i serien Mitt liv – mine val:

På barrikaden

Vil fortelje historier

I vinden

Hekta på festival

Rådgjevaren

Designblikk

Frå filmen

Les saka i Magasinett!