– Blir flau over å vera norsk
Sterke reaksjonar på arrestasjonen av ”Årets nordmann”.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Maria Amelie er eit av mange offer for ein hjarterå og inhuman asylpolitikk, og me krev at ho vert sluppe fri umiddelbart, seier Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre i ei pressemelding.
Maria Amelie vart onsdag kveld arrestert av fem politimenn etter ei førelesing på Nansenskulen på Lillehammer.
Maria Amelie har gjennom fleire år budd i Noreg utan gyldige papir. Ho fekk avslag på asylsøknaden sin for årevis sidan, men har levd i skjul i Noreg. Ho har teke utdanning, snakkar norsk, og gav i 2010 ut ei bok om det å vere papirlaus innvandrar i Noreg. Ho vart kåra til årets nordmann i 2010 av magasinet Ny Tid.
– Ville vera ein ressurs for Noreg
Amnesty Internastional, Antirasistisk Senter og SOS Rasisme reagerer også sterkt på arrestasjonen.
– Det er fullstendig mangel på samanheng i innvandringspolitikken når me den eine dagen klagar på manglande kompetanse hos innvandrarar og den neste pågrip og kastar ut innvandrarar med den kompetansen me etterlyser. Ho ville vera ein ressurs for oss, seier innvandringspolitisk talsmann i Sosialistisk Venstreparti, Heikki Holmås til NTB.
– Maria Amalie er ei modig stemme i den norske samfunnsdebatten. At hun blir straffa for å tørre å visa korleis verkelegheita fungerer er berre forferdeleg trist. Når ei rødgrøn regjering blir kritisert av Amnesty og støtta av FrP bør det vera eit varsko om at ein er på feil kurs, seier Olav Magnus Linge, leiar i Sosialistisk Ungdom i ei pressemelding.
Vil gje amnesti
– Gjennom mange år har Noreg ført ein inhuman asylpolitikk. At Maria Amelie no vert arrestert av norsk politi er berre trist. Det gjer meg flau av å vere nordmann, seier Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre.
Ungdomspartiet meiner Noreg bør gje kollektivt amnesti til papirlause innvandrarar.
Mange andre europeiske land har gjennomført amnesti eller etablert faste ordningar for papirlause, til dømes at ein etter eit visst antall år får vurdert saker på ny. Noreg fører derimot ein av dei strengaste praksisane i Europa når det gjeld papirlause.
– Maria Amelie er ei modig jente som har våga å stå fram med si historie. At politiet no har bura ho inne er berre trist, og vi vil åtvare sterkt mot å sende ho ut av landet. Det seier mykje om ytringsfridomen til dei papirlause at dei blir arresterte så snart dei vågar å fortelje si historie. Ingen har interesse av at Maria vert sendt ut, og det vil stride mot den allmenne rettskjensla å gjennomføre eit utvisingsvedtak. Vi ber om at Maria får bli i landet, seier Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn.
Det er tillyst fleire demonstrasjonar torsdag ettermiddag – både utanfor Justisdepartementet i Oslo, Torgallmenningen i Bergen og i Trondheim, Stavanger og Tønsberg. Klokka 12.40 var det over 20000 medlemmar i Facebook-gruppa Sett Maria Amalie fri.
Faktaboks