Blir den yngste redaktøren i landet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Snåsamannen» Joralf Gjerstad har allereie gjort kommunen sin i Nord-Trøndelag godt kjent. No kan Snåsa også skilte med den yngste redaktøren i landet, 19 år gamle Torun Støbakk.

Ho tar over som redaktør i Snåsningen og blir dermed den klart yngste medlemmen i Norsk Redaktørforening.

Som 14-åring starta Støbakk karrieren sin som frilansjournalist i Snåsningen og blei tidleg ein av medarbeidarane i Trønder-Avisas ungdomsredaksjon Filter. To år seinare blei ho innlemma i nyheitsredaksjonen i avisa.

Det var styreleiar Arve Løberg i Snåsningen som oppfordra henne til å søkje på redaktørjobben.

LES OGSÅ: No blir han landets yngste ordførar

– Det er spesielt å få ein slik jobb som 19-åring. Eg hadde tenkt å søkje, men var redd for at ein søknad frå meg ville bli ledd av. Eg trudde ikkje eg ville bli vurdert, seier Støbakk til Trønder-Avisa.

Løberg seier ho markerte seg raskt i Filter-redaksjonen.

– Eg har møtt mange talent innan journalistikken, og Torun er desidert eitt av dei største eg har møtt. Ho har ambisjonar, har sin journalistiske etikk på plass og har ein god journalistisk penn, seier han. (©NPK)

LES OGSÅ: Landets yngste og eldste skal styra saman