Bakar med flagget på brystet

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Hallingdølen.

For å koma så langt ligg det svært mange timar med dedikert og hardt arbeid til grunn.

– Å baka har alltid vore naturleg for meg. Eg har liksom alltid gjort det, seier Vilde Nistad Strandos.

Golingen tek ein pause frå treninga og smiler beskjedent. Ho trenar mot konditorkonkurransen Nordic Pastery Cup som skal haldast i Sverige til hausten. Som ny på landslaget i konditori er ho spent.

– Då eg søkte, hadde eg rekna med å kome med som rekrutt, men plutseleg var eg ein del av sjølve landslaget. Det er jo litt skummelt, men mest veldig moro, smiler ho.

LES OGSÅ: Bakeri reduserer matsvinn med ny app – sel wienerbrød billeg etter stengetid

– Eg kunne aldri hatt ein jobb der ein sit på eit kontor. Dette er fleksibelt og kreativt. Akkurat slik eg likar, seier Vilde.

Som dyslektikar var ho heilt bestemt på å gå den praktiske vegen, og starta på restaurant og matfag på Gol vgs. Alt i andreklasse måtte ho bestemme seg, og valde å spesialisere seg i konditori på ZBC-skulen i Ringsted. Der gjekk ho i nesten fire år, ei blanding mellom teori og i lære.

– Det var skummelt å flytte til Danmark som 17-åring, og til tider var det tøft – men i ettertid har eg aldri angra på det. Dei er flinkare i Danmark. Eg hadde ikkje kome hit eg er no om det ikkje var for at eg valde det slik.

LES OGSÅ: Eline og Hedda (14) fekk ikkje sommarjobb – starta kafé og selde kaker

I dag jobbar ho ved Naustdal dampbakeri i Førde. Ein vanleg dag startar anten klokka halv fire på natta eller klokka seks. Det var hardt i starten for ei som likte å dra seg på vidaregåande, men dei siste åra har ho blitt så van til det at ho står opp tidleg, også i helgane.

– I Naustdal har me ein stor produksjon, men det er også ein plass der det er rom for å prøve nye kombinasjonar av smakar. Eg lærer mykje der, fortel ho.

Det var bakeriet som oppfordra henne til å søke landslaget. I dag er ho ein av fire i det prestisjetunge teamet, og saman skal dei konkurrere mot dei beste i verda.

– Det tek mykje tid, så me som er med er anten blant dei som ikkje har fått barn, eller blant dei som er ferdige med det, humrar ho.

Les heile saka på Hallingdolen.no!