Avviste kommunar skal få trøystepengar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Avviste kommunar skal få trøyst

Leiaren av kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget vil kompensere dei rundt 30 kommunane som sa ja til samanslåing, men fekk nei frå naboane.

Det uttalte komitéleiar Helge André Njåstad (Frp) då han og André Skjelstad frå Venstre møtte ti ordførarar frå avviste kommunar, skriv Fjordenes Tidende.

– Vi vil kompensere dei kommunane som har gått inn i kommunereforma med ein intensjon om å slå seg saman med nabokommunen, forsikra Njåstad.

Målet med møtet var å diskutere økonomiske konsekvensar for kommunane som ser ut til å stå att aleine trass positivt vedtak om samanslåing.

– Møtet handla ikkje om, men korleis vi skal kompensere for kommunar som tapar pengar i det nye inntektssystemet, seier Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande (V) til Fjordenes Tidende.

Venstre har i sitt alternative statsbudsjett for 2017 føreslått 50 millionar kroner i godtgjering til dei avviste kommunane. (©NPK)