Atle Berge vil ha meir realistisk sex

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Då eg hadde skrive to bøker og bok nummer to vart selt i 200 eksemplar utover innkjøpsordningane tenkte eg at: «Det kan ikkje halde fram slik. No må eg gje folk det dei vil ha», fortel Atle Berge, som no har funne ut kva det er som dreg lesarar.

– Det er sex, mord og cliffhangers.

LES OGSÅ: Akkurat passe kåt

Super tittel
Framtida møter den bokaktuelle forfattaren frå Hjelmtveit i Nordhordland før han skal på haustlanseringa til Samlaget.

Med si nyaste bok slår Berge til med mistenkjeleg tabloide tittelen «Superpularen», ein tittel han ikkje er så reint lite nøgd med.

– Eg håpar jo at det skal lura folk til universet mitt. Så får dei kanskje ikkje akkurat det dei trur dei skal få, men eg håpar jo at dei blir fornøyd med det likevel. Dei får jo faktisk mord. Og dei får sex, smiler 29-åringen.

I dette universet har den noko snevre novelleforfattar Aleksander Martinson slått til med bestseljaren «Superpularen» – ei forteljing om ein mann, hans i alt 254 erobringar og eit mord. Ikkje overraskande jublar forlaget. Boka skaper bølgjer i media allereie før ho kjem ut og vert ein snakkis på folkemunne. Er det sjølvbiografisk?

Ein taxisjåfør i Oslo, som skriv ned historiene til snakkesalege passasjerar, vert besett av boka. Det heile endar med at Martinson vert myrda på same måte som han sjølv skildrar i bestseljaren sin.

Romanen er ein satire som tek for seg bokbransjen og korleis litteraturen vert møtt og forstått – både av folk flest, kultureliten og media.

LES OGSÅ: Falturiltu satsar på fotball og bøker

Ironisk misoppfatning
Ikkje ulikt Martinson har Berge skrive nokre bøker, som han sjølv meiner vart oppfatta som litt sære og rare. I likheit med sin fiktive forfattar har Berge fått oppmodingar om å skriva kriminalroman, men der sluttar likskapen.

For Berge er det å skriva ein måte å bearbeida sine tankar om ting som skjer i samfunnet.

Sjølv meiner forfattaren at ironi i litteraturen er litt uglesett her til lands.

– Det er kanskje berre fordi eg er så obs på dette, men eg synes unge forfattarar oftare og oftare aktivt tar avstand frå ironien, og eg opplever også at dei for ofte slepp unna med å framstille ironi som det motsette av det ein seier. Men ironi er jo berre fleirtydigheit. Eg er aldri ironisk på den måten at eg skriv ein ting og meiner det stikk motsette, svarar Berge.

Overdriving er eit anna verkemiddel som forfattaren meiner ikkje vert teke med det alvoret det fortener. Han meiner at mykje av denne litteraturen fell mellom to stolar. Dei får verken mykje merksemd i offentlegheita, eller frå kultureliten som deler ut prisar og stipend.

– Den norske litteraturen er ekstremt rik, det handlar berre kva som vert løfta fram. Det er berre tull at alle norske bøker handlar om barndom og bearbeiding av såre minner i eit nøkternt språk.Dei som påstår at me berre er «generasjon alvor» tek feil. Fordi me har innkjøpsordningar kjem det ut utruleg mykje bra litteratur i Noreg, men mykje av det vert ikkje lese. Det er det som er problemet. Bøkene er der jo, så det handlar like mykje om korleis bøkene vert motteken i media – og alle lesarane som verkar som dei søkjer minste motstands veg, seier Berge. Han er journalistutdanna og jobbar med formidling på Drammen bibliotek.

Han hugsar tilbake på framsideoppslag i Dagbladet og VG eit halvt år før Mads Larsen sin «Pornopung» kom ut. Tiger Garté som kler seg naken på ein åker i samband med boklansering.

– Er det det ein må gjere for å bli lagt merke til? Er det slik me vil ha det? spør Berge spøkefullt.

Han tykkjer han har gått meir enn langt nok med tittelen, og vonar det er marknadsføring nok.

LES OGSÅ: Blir Fifty Shades meir sexy med lego?

DSC_8517b
Norsk krim sel i bøtter og spann, men er ikkje det som står høgst på leselista til Atle Berge.

Sexy nynorsk og dryge klassikarar
Det byrja med eit ynskje om å skriva noko som ville selja betre, men formellitteratur var ikkje noko for den utflytta vestlendingen. Sjølve mordet og det å skjula gjerningspersonen var det minst spanande å skriva. Heilt grusomt faktisk. Og det mest spanande?

– Sexen var klart gøyast å skildra, fordi det er så utfordrande. Det kan gå så gale. Dei har jo noko som heiter «Bad Sex Awards». Der håpar eg på å bli nominert, småler Berge og legg til: 

– Eg ville at det skulle vere skikkeleg sex. Eg ville ikkje snike meg unna og har prøvd å presse meg til å vera detaljert.

Han byrja sitt eige pirrande satiriske bokprosjekt akkurat då «Fifty Shades of Grey»-bølgja traff norskekysten. Kjenningar av forfattaren peika på at det er slikt som sel, men Berge avvisar at han har lese millionsuksessen i research-fasen.

Det han i staden har gjort er å sjå på sexscener i gamle pornografiske klassikarar. Her er det mykje einsformig dampande saker, men òg ein del god litteratur. «Historien om øyet» av Georges Bataille (1897-1962) er blant favorittane.

– Hadde Bataille brukt den stemma til å skriva om noko anna så hadde det vore fantastisk skjønnlitteratur, men sidan han brukar det til å skriva om ganske aparte sex så blir det sett på som snusk.

Dei drygaste scenene i «Superpularen» er stort sett klassiske sexsekvensar som vert sitert når taxisjåføren og elskarinna hans let seg inspirere.

LES OGSÅ: Aktivistar kupa Dagbladet

Sexologverda
Det er ingen tvil om at sex omgjev oss. Dagbladet-artiklar om korleis du må snakka med partnaren din og lytta til den andre sine behov. Ti tips til korleis det skal gjerast. Tracy Cox med bøker som «Supersex», «Hot sex» og «Superhotsex» –  tjukke bøker med detaljerte skildringar av korleis få eit perfekt sexliv. 

– Eg ville at sexscenane skulle vere heilt motsett: Folk som ikkje klarar å snakka saman, der ting ikkje fungerer – slik sex kan vere. Det er jo litt skittent, seier forfattaren, som gjerne vil vere med å justere det glansa illustrasjonsbiletet i media.

– Det er så lett å vere veldig moralsk, noko eg ikkje vil vera, men det framstår jo som ein heilt sjuk utopi som for dei fleste av oss er heilt oppnåeleg.

I «Superpularen» skaper boka med same tittel ein voldsom samfunnsdebatt der både meinigmann, prestar og dei velkjente sexologane kastar seg inn.

– Kva kompetanse er det dei har og kva har dei gjort for å få den? smilar Berge, og legg til:

– Dei meiner og meiner og meiner, medan dei fleste av oss berre er tause mottakarar. Slik er det kanskje litt i litteraturverda òg. At det er nokon som har veldig mange meiningar og slepp lett til, medan det kanskje er andre som sit og brenn inne med ting. Det har eg prøvd å få fram i forholdet mellom sjåføren som knapt seier nokon ting i heile boka og elskarinna hans, som er ei som meiner sinnsjukt mykje.

LES OGSÅ: Aseksuelle «Håvard» (19) tenkjer aldri på nakne jenter

Mykje sexprat
Forfattaren frå Nordhordland er ikkje heilt overtydd om at «Superpularen» vil få same salssuksess eller merksemd som Aleksander Martinson sitt verk.

Og litt ironisk er det jo, at han no vert ein av dei som leverer meir sex til folket.

– Det verkar uansett som det er meir prat om sex, enn det er sex. Eg bidreg jo til meir sex i offentlegheita, når eg eigentleg vil gjere det motsette. Men eg håpar jo eg bidreg med meir skitten – nei, eit meir realistisk bilete. Sex kan jo vere veldig morosamt, med alt som kan gå galt, seier Berge, som helst såg at «Superpularen» vert sluttpunktet for glansbildesex i media.

DSC_8500b