Arne Garborg: Sanningssøkjaren

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I haust gir Sørbø ut boka «Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland».

Men forfattaren er ikkje fyrst ute med å skriva bøker om Arne Garborg. Rolv Thesen skreiv tre bind om jærbuen og europearen Garborg på 1930-talet, på 1980-talet skreiv Sveinung Time om han, og på 1990-talet gav Tor Obrestad ut ein biografi. I fjor skreiv Alfred Fidjestøl om miljøet kring Arne og Hulda Garborg i boka «Frå Asker til Eden».

– Ein står jo på skuldrene av dei som har gått føre, seier Sørbø.

Problematiserer
Sjølv meiner Sørbø at han skil seg frå tidlegare Garborg-biografar på to område: I si bok problematiserer han Garborgs eiga forteljing om livet sitt, og han legg meir vekt på livssynet til jærbuen i framstillinga.

Mange av Garborgs bøker er bygd på diktaren sine eigne røynsler, sjølv om dei ikkje er heilt sjølvbiografiske. Bondestudentar, Fred, og Den bortkomne sonen er døme på det. Slik kan det vera vanskeleg å skilja den skjønnlitterære forfattaren frå sakprosaforfattaren, og personen frå verket.

– Sidan han brukar mykje sjølvbiografi i forfattarskapen sin, er personen Garborg viktig i teksten, og han brukar diktarknepa sine som sakprosaforfattar, seier Sørbø.

Då Garborg var åtte– ni år gammal vart faren sinnslidande, og ti år seinare selde han garden og tok sitt eige liv. Det var sjølvsagt tungt for Arne Garborg. Tilhøvet mellom far og son finn ein att i fleire av bøkene, og Arne Garborg tek sjølv mykje av skulda.

– Eg dreg i tvil Garborgs eiga forklaring på kvifor far hans tok livet sitt. Faren hadde ein rettsprosess med naboane, og han vart sinnslidande etter det fyrste nederlaget. Denne andre historia der Garborg sjølv ikkje «har skulda» dukkar opp her og der, men Garborg knyter det aldri saman.

Kriser og religion
Det andre Sørbø meiner skil han frå tidlegare biografar er vekta han legg på livssynet. Garborg trudde først på den tradisjonelle kristendomen, men braut så med den. Seinare i livet vart han oppteken av mystikk og antroposofi, før han til slutt snudde seg mot kristendomen att.

– Garborg ville vera lojal med den tradisjonelle kristne trua. Han skreiv fyrst forsvar for det tradisjonelle, før han snudde og bad om at religion vert sett under same krav om sanning som vitskap, fortel Sørbø.

Når han så vende tilbake til kristendomen dreiv han ein slags bibelkritikk der han hevda at Bibelen handla om Jesu lære, ikkje Jesus. Jesus var ikkje Guds son, og såg ikkje på seg sjølv som det. Han var lærar, og det er også læra hans som er viktig. Den klassiske liberale liturgien veks fram om lag samstundes som Garborg sjølv skriv om det. Det viser at han er oppdatert på til dømes dei religiøse rørslene i Tyskland.

Garborg og Sri Ananda, «Den heilage på Tronfjellet». (Foto: Nordøsterdalsmuseet).

Språkmannen
Arne Garborg var og er og ein viktig språkmann. Han var den fyrste som tok i bruk nynorsken etter Ivar Aasen og Aasmund Olavsson Vinje, og Garborg tok i bruk nynorsk på alle område.

– Nynorsken hans kan vera litt vanskeleg å koma inn i for oss i dag, men han er veldig god, meiner Sørbø.

For nynorsken var han ein praktisk mann og aktivist, som arbeidde med normering av språket og som grunnla minst fem aviser. – Han arbeidde med avisene til han døydde. Han skreiv at nynorsken trengde ein førar, slik Bjørnstjerne Bjørnson var det for riksmålet, fortel Sørbø.

I tillegg var Garborg interessert i andre språk. Han tok eksamen på Universitetet i Oslo i gresk, latin, fransk, engelsk og hebraisk. Han omsette den greske diktaren Homer, bergenske og danskskrivande Ludvig Holberg, og han skulle til å omsetja Shakespeare då han døydde.

Med dei språkkunnskapane var han blant dei best oppdaterte nordmennene på kva som hende i Europa i si samtid. Garborg var tidleg ute med realisme og naturalisme, og skreiv inspirert av til dømes Georg Brandes. I tillegg til å vera tidleg ute med å skriva i dei sjangrane, var han òg tidleg ute med dei litterære oppgjera med dei.

Garborg som granskar og vismannen. Det siste biletet, datert mai 1923. (Foto: Nasjonalbiblioteket).

Sanningssøkjaren
– Han var oppteken av å lesa filosofar som tolka samfunnet i notida, og han gjekk frå rasjonalismekritikk til å lesa Nietzsche som knusar akkurat denne kritikken. Garborg slo seg ikkje til ro med éi sanning, men følte seg etisk forplikta til å leita vidare for å finna ut kva som var sant. Han levde gjennom barndomstrauma på nytt med same motiv. Det var tungt for han, men gjorde han òg til ein produktiv forfattar. Denne driven beundrar eg, seier Sørbø.

Garborg er stadig aktuell fordi me ikkje har svara på spørsmåla han tok opp og diskuterte. Sørbø meiner det er spesielt to område Garborg er aktuell: Religion og økonomi.

– Eit døme på det Garborg skreiv om er korleis religion kan bli brukt destruktivt, som i autoritære rørsler. Eit aktuelt døme er dei islamistisk rørslene me ser i dag. Han synest det er eit legitimt motiv å leita etter sanning og meining med tilværet. Sjølv går han frå å vera så kristen at ein ikkje stiller spørsmål, til å leita seg fram til nye svar.

– Sjølv med hundre år meir erfaring har me ikkje svara på problema Garborg tok opp den gongen. Garborg hadde ikkje svara, men så lenge me ikkje har svara på dei spørsmåla bør me halda fram å lesa Garborg, meiner Jan Inge Sørbø. (©NPK)