ANSAfied

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Frankrike lærte ho om rugby og vin, og fekk ein bachelor i materialfysikk. I USA lærte ho om amerikansk politikk og dialektar, og kom inn på ei doktorgrad i Engineering and Public Policy.

Den nye ANSA-presidenten Madeleine Mowinckel veit mykje om det å vere utanlandsstudent frå Noreg.

23-åringen frå Oslo er denne vekas Unge eldsjel.

LES OGSÅ: Feirar støtte til USA-studentane

17.mai og julebord

Den rutinerte utanlandsstudenten rår folk til å kome seg ut og har eitt godt tips til ferske, norske studentar utfor landegrensene:

Ikkje ver redd for å stilla dumme spørsmål og å vere den rare utlendingen. Ein lærer mykje meir om ein prøver og feilar litt. Og ikkje gløym å melde deg inn i ANSA! reklamerer den engasjerte doktorgradsstudenten.

Kva gjer ANSA så viktig?

ANSA jobbar for di velferd og dine rettar. Mange av støtteordningane du får frå Lånekassen er vorte kjempa fram av ANSA. Om uhellet skulle vere ute, kan me bistå studentane med krisehjelp, sosialrådgjeving og, i nokre tilfelle, juridisk støtte.

Kva var det første som fekk deg til å engasjere deg i stoda for utanlandsstudentane?

ANSA hadde eit lokalt styre i Toulouse, der eg budde, som hadde ei rekkje arrangement. Eg elska å planleggja ting og ville vere med å vidareføra tradisjonane som velkomstdag, julebord, 17.-maifeiring. Då eg deltok på ei samling for heile ANSA sommaren 2011 vart eg heilt ANSAfied! Dei menneska eg har møtt i ANSA, er nokre av dei beste menneska eg veit om.

LES OGSÅ: Jenter realiserer utanlandsstudiar

Utveksling for fred

Kven er ditt største førebilete innan feltet du er engasjert i?

Eg har litt lyst å trekkje fram James William Fulbright. Han var senator i USA under Vietnamkrigen, som han forøvrig var imot. Etter å ha studert i Oxford, forstod han at utanlandsstudiar kunne ha ei mykje å seia for fred og forståing, og oppretta eit fond som framleis den dag idag gjev støtte til folk frå heile verda som vil studera eller forska i USA, og støttar amerikanarar som vil studera eller forska andre stader i verda.

Kor oppslukt er du i arbeidet med ANSA?

10. No kan eg endelig jobbe med berre ANSA, og leggje studiane på vent. Då er det all in!, lovar ho.

Møt fleire unge eldsjeler her.

Uviss rugby-framtid
Kva bruker du resten av energien din på?

Eg er veldig glad i å reise, og kommer til å gjere det ein del i år. Då har eg kanskje med meg ei bok til flyturen eller ser film. Eg har spelt rugby i nokre år òg, men det krev litt forplikting, så eg får sjå om det vert noko av akkurat i år.

Kor ofte har du ANSA-relaterte draumar om natta?

Det anar eg ikkje. Eg hugsar sjeldan kva eg drøymer. Om eg skal gissa er det heilt sikkert nokre draumar om at alle skal ha moglegheita til å studere akkurat det dei ynskjer, der dei ynskjer det.

Og i den verkelege verda – kva drøymer du om å oppnå med ditt engasjement?

Eg vonar fleire kan sjå verdien i å studera i utlandet. Det er lettare å dra medan ein er ung, og studietida er perfekt for å bli godt kjent med folk. Kanskje kan me alle lære fleire språk, og ikkje berre forstå, men òg verte ein liten del av andre kulturar, då trur eg verda hadde blitt litt betre, avsluttar ANSA-presidenten.

Faktaboks

Unge eldsjeler
I sommar vil Framtida.no løfte fram ungt engasjement, ved å setje fokus på unge som brenn for ei sak. Denne veka fortel leiar i ANSA (Association of Norwegian Students Abroad) Madeleine Mowinckelom det ho brenn for. Les fleire intervju med unge eldsjeler her!