Aldri har så mange trent

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

82 prosent av alle nordmenn mosjonerer minst ein gong i veka, ifølgje ferske tal frå Statistisk sentralbyrå. Dei har undersøkt kor mange som trener og mosjonerer her i landet sidan 1997. Aldri før har så mange svart at dei mosjonerer kvar veke. I 1997 var det berre 63 prosent som rapporterte at dei mosjonerte ein gong i veka eller meir. Den gongen var det 27 prosent som rapporterte at dei aldri mosjonerte. 16 år seinare er talet seks prosent.

LES OGSÅ: Treningssenter er ikkje for alle

Sprekare ungdommar
Tala viser at ungdom aldri har delteke oftare på treningsaktivitetar enn i dag. 86 prosent av dei unge mellom 16 og 24 år seier dei deltek på ein treningsaktivitet minst ein gong i veka. Berre fire prosent av ungdommane melder at dei aldri mosjonerer i løpet av ei veke. I 1997 var talet 14 prosent.

Tre av fire ungdommar mellom 16 og 24 år seier dei har tatt seg minst ein joggetur den siste veka, medan 49 prosent seier dei har vore på drive med sykling. 41 prosent av dei unge har spelt fotball og 73 prosent seier dei har drive med styrketrening.

Av heile befolkninga, er det 40 prosent som har tatt seg minst ein joggetur den siste veka. 45 prosent seier dei har sykla minst ein gong den siste veka, 39 prosent av drive med styrketrening og 14 prosent seier dei har spelt fotball.

LES OGSÅ: – Du må opp i puls

Meir populært
Gunnar Breivik, professor ved Norges idrettshøgskole, seier det har vore ein auke særleg frå 2003, noko som blir stadfesta frå òg andre undersøkingar som Norsk Monitor. Han meiner helsestyresmaktene, media og betre utstyr og fleire aktivitetar har bidrege til å auka interessa.

– Helsestyresmaktene har vore tydelege på at trening og fysisk aktivitet heng saman med god helse. Media har hatt stort fokus på helse og fysisk aktivitet, men har også hatt mange saker om trening som vegen til det gode livet, seier Breivik.

– Og ikkje minst har ein fått ei rad med nye aktivitetar, og ei auka interesse for ski og sykkel, seier han. Dette kan ein sjå igjen på gode omsettingstal for utstyrsbransjen og treningssentra.

– Ein annan ting som har skjedd over tid, er at kvinner i like stor grad som menn driv med styrketrening, seier Breivik. I år er det 41 prosent av alle kvinner som seier dei har drive med styrketrening den siste veka, mot 38 prosent av alle menn.

Kvinner er i alt litt meir aktive enn menn. 84 prosent av dei seier dei trener ein gong i veka, medan talet for menn er 81 prosent.

LES OGSÅ: Spring ut fem par joggesko i året

Aktive trønderar og oslofolk
85 prosent av alle trønderane seier dei trener minst ein gong i veka. Her er det berre fem prosent som seier dei aldri trener. I Oslo og Akershus er talet 84 prosent. Elles på Austlandet og på Vestlandet er det 81 prosent av alle som svarer at dei trener kvar veke.

Jogging er mest populært på Vestlandet. Her joggar 45 prosent minst ein gong i veka. I Trøndelag, Agder og Rogaland er sykling mest populært her syklar 49 prosent av befolkninga.

LES OGSÅ: Tilbyr nesten gratis skiutstyr