Aggressive hundar har aggressive eigarar

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse har sinte hundar

Viss du er eigaren av ein hund frå ein stereotypt aggressiv rase, til dømes Rottweiler, er det større sjanse for at du sjølv framviser personlegdomstrekk som sinne og fiendsleg og aggressiv åtferd, viser ny forsking frå Queens University i Belfast, i følgje ein artikkel i Livescience.

Motsett, så har du mest sannsynleg ein rolegare personlegdom viss du har ein typisk rolig hund, slik som til dømes Labrador, viser forskinga.

Les også: Forskar på sosiale nettverk hos kyr

Det typiske
Forskningsprosjektet, som vert publisert neste månad, analyserte personlegdomane til 147 hundeeigarar. Forskar Deborah Wells ved Queen’s University forklarar at forskninga fokuserte på hunderasar som typisk vert oppfatta som spesielt temperamentsfulle

 Vi ønska bevisst å fokusere på raser som er eigd av mange ulike menneske, men som er å finne i kvar sin ende av spektret med omsyn til offentlegheita si oppfatting av temperament, uttalte Wells.

 Både schæferar og rottweilarar vert vanlegvis oppfatta som aggressive. Labrador og Golden retriever vert på den andre sida oppfatta som ikkje-aggressive, seier forskaren.

Ikkje nødvendigvis farlege
Forskarane meiner at dette kan tyde på at vi velgjer oss ut hundepersonlegdommar som er ei forlenging av oss sjølve, men at ein ikkje kan slutte frå forskningsresultata at eigarane av slike hundar er eit trugsmål for omgjevnadane eller vert trena opp til å framvise aggressjon av eigarane.