Aarebrot: Bøndene må få reell streikerett
Professor Frank Aarebrot meiner bøndene bør få reell streikerett. Ordninga vi har i dag er eit demokratisk problem, argumenterer han.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Bøndene må få reell streikerett
Aarebrot, som er professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, viser til at dersom både Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag skulle velje å bryte forhandlingane under jordbruksoppgjeret, vil landbruket få det første tilbodet frå staten som resultat. Det er eit demokratisk problem, meiner han.
LES OGSÅ: Bøndene får meir å rutte med
– Den automatikken må vi gjere noko med. Det er ikkje berre bøndene som har staten som motparten. Det har også alle tilsette i staten, men dei har ein heilt reell streikerett, seier Aarebrot til Nationen.
Forhandlingar mellom partane i arbeidslivet er ein sentral del av den norske modellen, meiner Aarebrot, som synest det er på tide at bønder får lov til å ta i bruk same verkemiddel som andre yrkesgrupper.
– Eg hugsar landbruksstreik, det er eit våpen bøndene burde ha. Stortinget har fråteke bøndene det våpenet, seier Aarebrot.
Han viser til at bønder i dag berre har moglegheit til å aksjonere, ikkje streike.
Aarebrot meiner også at det bør bli nytta ein uavhengig meklar i jordbruksoppgjeret.
Landbruksdepartementet ønskjer ikkje å kommentere utspelet frå Aarebrot. (©NPK)
LES OGSÅ: – De urinerer på Aasen