Kuttar sterkt i talet på kompetansemål i norsk

Læreplangruppa tar livet av monstermåla i læreplanane i norsk, innfører sjangrar og føreslår éin felles skriftleg karakter i undervegsvurderinga på 8.-9.trinn og på VG1 og VG2.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Læreplangruppa til Utdanningsdirektoratet la torsdag ettermiddag fram det første utkastet til nye læreplanar som skal bli gjeldande frå hausten 2020.

Her er nokre av dei viktigaste forslaga:

VIDAREGÅANDE:
– Talet på kompetansemål på VG2 og VG3 studiespesialisering blir redusert frå 37 til 16.

– Fordjupingsoppgåva på VG3 forsvinn. I staden skal det vera meir fordjuping gjennom heile faget.

– Kuttar ut eigen karakter i sidemål og hovudmål i undervegsvurderinga på VG1 og VG2, og erstattar denne med éin felles skriftleg karakter.

– Elevane skal kunna skriva fagartiklar og essay.

UNGDOMSSKULEN:

– Talet på kompetansemål blir redusert frå 27 til 13.

– Kuttar ut eigen karakter i sidemål og hovudmål i undervegsvurderinga på 8. og 9. trinn, og erstattar denne med éin felles skriftleg karakter.

MELLOMTRINNET:

– Talet på kompetansemål blir redusert frå 19 til 17.

ELLES:

– Teksttypane argumenterande, reflekterande og kreative tekstar blir ikkje nemnt i læreplanen.

– Elevane skal bruka metaspråk om setningsoppbygning og ulike setningstypar.

– Kreative tekstar blir tona ned, i staden blir det meir akademisk skriving.

Sjå det nye framlegget her! og samanlikn med dagens læreplan her!

Høyringsfristen er 14. november.