Stopp for Barnas spørretime

Barn og unge får ikkje stilla statsrådar til veggs på Stortinget. Årsak: økonomi.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får ikkje spørja statsrådar

 Kring 1,1 millionar born i Noreg er utan stemmerett i dag. I fjor fekk 50 born og unge frå heile landet koma til Barnas spørretime for å spørja fire statsrådar om alt frå skule- og fritidstilbod til samferdsel og miljø. Spørretimen er blitt arrangert i samarbeid mellom barnerettsgruppa til Stortinget og Redd Barna.

Etter planen skulle den femte Barnas spørretime arrangerast no i haust. Men ifølgje Aftenposten i dag er det no usikkert om det skjer. Mindre enn 150.000 kroner manglar. Dei siste åra har Stortinget betalt 200.000 kroner, medan Redd Barna har betalt mellom 100.000 og 150.000 kroner, men Redd Barna har heile tida sagt at dei ikkje kan betala for tiltaket i lang tid. Men presidentskapet til Stortinget seier nei til å bidra med meir pengar.

– Det at 200.000 kroner ikkje rekk til å gjennomføra Barnas spørretime, det får dei ta ansvar for, seier stortingspresident Dag Terje Andersen (Ap) til Aftenposten.

I fjor kom FN-komiteen for rettane til born med fleire merknader til Noreg. Mellom sakene dei tok opp var retten born har til å bli høyrt. Her kan Noreg bli betre både i kommunane og på nasjonalt nivå, kom det fram.