Vegen Sør-Noreg manglar
Denne Ap-kvartetten ser behovet for ein langtunnel mellom Indre Sogn og Nord-Gudbrandsdalen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Folkemøtet om Sognefjellstunnelen gav det friske initiativet eit kraftig framskuv. Etter vegmøtet på Skjolden torsdag er den potente koplinga mellom Fjord-Noreg og Innlands-Noreg ute av startgropa.
Fire mektige Ap-profilar sa det slik:
Ivar Buskaker, Luster: – Dette er vegen Sør-Noreg manglar.
Hilmar Høl, Årdal: – Ring Årdal og Lom, set saman ei vegnemnd, kom i gang no!
Tor Bremer, Luster: – Ta fram noregskartet, gløym kommunekartet!
Nils Støyva, Stryn: – Mobiliser på grasrota, bygg alliansar og få med folk frå hi sida.
Ferjefritt
Dei andre partia var ikkje mindre positive til den nye vegvisjonen. Ferjefri kopling mellom Bergen og Trondheim, over Fortun og under Sognefjellet har fått det til å brusa i blodet på andre enn sogningar. Kystbaserte E39 er på skinner og milliardar på milliardar skal setjast inn mellom Stavanger og Ålesund, men korridoren blir aldri ferjefri.