No kjem appen som melder lydforholda på kafé
Dårleg akustikk, høgt lydnivå og vanskar med å høyre kva den andre seier på kafè – det er kjende utfordringar. No kjem ein app som kan fortelje deg på kva for kafè lydforholda er best.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Jamleg tek folk kontakt med Hørselshemmedes Landsforbund fordi dei opplever at lydforholda og akustikken på kaféar og restaurantar er så dårlege at dei har vanskar med å høyre kva den andre seier.
– Det skjer dagleg i ein eller annan form, seier Anders Hegre, generalsekretær i Hørselshemmedes Landsforbund til Framtida.no.
I ei ny undersøking frå Helsepolitisk Barometer svara 33 prosent at dei har vanskar med å høyre kva som blir sagt i sosiale samankomstar generelt. 26 prosent svara at dei har vanskar med å høyre kva som blir sagt på kafé og restaurant.
Les også: Pass på høyrselen din! Ein låt er nok til å gjere skade
Ekstra utfordring for blinde og svaksynte
– Det er lett å trekke seg unna andre når det er krevjande å delta i samtalar. Mange opplever difor å falle utanfor sosialt, seier Hegre.
Innan 2020 er det berekna at éin million nordmenn vil ha ei høyrselshemming i ein eller annan grad. Det viser tal frå Folkehelseinstituttet. Men problemet med å høyre kva andre seier på kafé angår fleire grupper.
Blinde og svaksynte som treng å høyre godt for å kunne orientere seg, er ei gruppe.
Og mange som ikkje har syn- eller høyrselsproblem tek òg kontakt med Hørselshemmedes Lansforbund fordi dei opplever at det er så vanskeleg å høyre kvarandre på kafè og restaurant at det blir eit problem.
Ofte spør folk foreininga om tips til stader der det er gode lydforhold.
Les også: Høyrt for mykje på høg musikk? Sjekk kor gamal høyrsel du har
Skal kartlegge kafèar og restaurantar
No har Landsforbundet tatt saka i eigne hender, og er i gang med å utvikle ein prototyp til ein app som kan hjelpe å kartlegge lydforholda på kaféar og restaurantar.
Sjå for deg at du står midt i byen og skal finne ein stad å ete. Den du er der saman med liker seg ikkje med mykje støy rundt seg. Da finn du fram appen, som er kobla opp mot posisjonen din, på same måte som Google-maps.
Der har brukarar skrive meldingar av kaféane og restaurantane i nærleiken. Meldingane fortel om det er lydvenleg miljø og god akustikk. Om det er godt tilrettelagt og om kaféen tek omsyn til at ein høyrer dårleg eller har vanskar med å kommunisere.
Les også: Har funne gen som gjer at nokon kan «sjå» lydar
Fortel om totalopplevinga
Etterkvart ønsker Hørselshemmedes landsforbund å bruke eigne frivillige til å registrere sine opplevingar av forskjellige kaféar og restaurantar.
Faktorar som påverkar korleis lyden er i eit rom, er blant anna korleis materiale det er i veggane, om det er lydabsorberande plater i taket, om vinduene er godt isolerte så det ikkje kjem inn mykje trafikkstøy. Om det er knottar under stolane er òg ein faktor som mange kanskje ikkje tenker over, men som påverkar støynivået.
– Det går på totalopplevinga. Korleis oppleving brukaren har av å vere der, med tanke på å kunne kommunisere og høyre det sosiale, seier Hegre.
Klar neste år
Målet er å ha appen klar for bruk iløpet av neste år. Da skal han vere tilgjengeleg i Appstore.
– Eg trur det kan bli kjempebra! Da vil vi sjå engasjementet rundt dette, seier Hegre.
Til slutt gir han eit tips til korleis ein bør ta hensyn dersom lydforholda er dårlege og folk høyrer dårleg når de er ute.
– Snakk tydeleg, snakk éin og éin, og ha blikkontakt med den du snakkar med. Dersom du blir spurt om å gjenta det du sa, så er det viktig å svare. Det er sårande å bli avfeid med «gløym det», seier Hegre.