Då Dag vart dagens

Vi følgde ein søt påskekylling frå han sprella i ei rugemaskin til han låg på ei seng av basmatiris.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For meg fungerer kyllingar mest som ei slags kjøttmessig fyllmasse. Steinar Solås Suvatne, statsvitskapstudent ved UiO

– Ja, kva skal vi byrje med? Høna eller egget?

Bernt Snapa stussar litt over spørsmålet.

– Ja, det må jo vera egget det, då.

Vi har altså kome riktig. Kyllinglår i hoisin-saus, kyllingkaker med løksaus, kylling og brokkoli og ris. Jakta på opphavet til SiO-kantinene sine kyllingrettar har vore lang og bensinkrevjande. Men her er vi, på kyllingklekkeriet til Nortura i Våler kommune, Hedmark.

Men historia vår byrjar ikkje her, vi må lenger tilbake. Nærare bestemt til ein iskald morgon i mars. Under stjerten på ei høne, i eit virvar av fjører og slim, skimtast noko kvitt. Eit egg. Det vesle, nyverpa kyllingfosteret der inne, la oss kalle det Dag, veit lite om kva livet vil bringe. Alt han kjenner er varmen til mora som trengjer gjennom skal og plomme, og ned til det bankande, vesle hjartet hans eit stad der inne i kjernen.

Det dei ikkje veit er at idyllen skal bli kortvarig. Dag er ynskt ein anna stad.

På klekkeriet har fabrikksjef Snapa sloppe oss inn i rommet der eggene blir desinfisert før dei vert teke inn i sjølve rugeriet. For å unngå at vi smittar dei små med våre lumske studentsjukdommar, er vi for høvet kledd opp som romfararar. Som baketrallar med bollar på 7/11, står tralle etter tralle oppstilt, fullasta med befrukta egg. Snapa trekkjer ut eit brett for å vise, det er tungt av 150 kyllingfoster in spe.

Fabrikkarbeidarar trillar trallene inn i kvart det vesle rommet sitt og lukkar dei inne bak tunge dører. Og i løpet av tre netter, i 37 heite varmegrader medan det ypparste innan belgisk elektronikk imiterer buken til Dags mamma, skjer det. Dag, som på dette tidspunktet er så stor at han fyller nesten heile egget, føler ein plutseleg trong til å hakke seg ut. Det siste han gjer før han kan spreie dei små gule vingane sine, er med all krafta si å suge til seg den siste resten av eggeplomma som han har næra seg på gjennom tida si i egget. Plopp! Den vil kome godt med i dei neste timane.

– Å, vi sel massevis av kyllingar i studentkantinene. Berre i fjor selde vi tretti tonn. Det er ein très populaire rett.

Alain Clerambault er sjef for SiO-kantinene, og har som seg hør og bør eit pragmatisk tilhøve til påskesymbol nummer éin.

– For meg er kyllingen eit dyr vi et. Eg synest kalvar er søte, kyllingar er det ikkje, seier han.

Heilt usentimentalt er likevel ikkje Clerambault i høve til dei små gule. Som liten gut på den franske landsbygda var han vitne til ein del skjelsetjande episodar.

– Nei, du veit. Eg har sett eldre damer springe etter kyllingar og prøve å kverke dei på alle moglege måtar. No hadde eg vore gammal nok til å takle det, men for eit lite barn var ikkje det noko særleg.

Ein, to og tre og klokka ni om morgonen blir opna dørene. Han som ikkje er klokke nå, er ille ute. I eit kaos av eggeskall og små kroppar, pip 15 200 nyfødde kyllingar hjelpelaust. Men dette er ingen barselklubb.

Frå mamma klekkerommet ber det rett til neste stopp: Sorteringsmaskina. Lufta i rommet er tung, tenk hamsterbur møte roten morkake.

– Det luktar litt, eh, spesielt her?

– Det gjer det. Du har nemleg einskilde egg som blir med inn i rugerommet, og som av ulike årsaker vert infisert av bakteriar. Kombinert med all varmen opparbeider det seg eit skikkeleg trykk inni egga. Når det eksploderer, så snakkar vi altså… Står ein i nærleiken då, kan ein fort få eit blått auge.

I sorteringsrommet skal altså detonerte og udetonerte eggegranatar bli reinska ut, saman med dødfødde kyllingar, eggeskal og andre uvedkomande. I kassane som står klare i den andre enden av det enorme maskineriet, er det nemleg ikkje rom for anna enn sterke, velskapte überhohn.

Men om Dag kjem så langt, veit vi ikkje enno. Til trass for at han er på høgda av sitt påskeposterboy-stadie, må han først gjennom ein heller uglamorøs berg- og dalbanetur.

Saman med dei 149 andre barselkameratane, blir Dag velta ut av kassen og ned i ei sjakt. Eit brusande, gult teppe av krabatar fer bortover samlebandet i ein forrykande fart. Dei små påskenøsta veltar over kanten, kræsjlandar i kvarandre og rekkjer knapt å kjenne fast grunn under fjørene før dei igjen skytast av garde. Eggeskal sprutar, vingar flaksar og kyllingar sprett av bandet for så å klaske ned i golvet. Hu hei der det går!

To damer rotar rundt i kyllingane med vante plastikkhanskehender. Han eine av dei, ei ung jente, hukar tak i ein av kyllingane, kastar eit raskt blikk på han og set han ned på samlebandet. Kyllingen blir sjøsett i eit lite sekund, før han synk saman, som om han ikkje maktar å bere sin eiga vekt. Kyllingen blir snappa opp og forsvinn ned i ein sjakt ved den høgre handa til jenta.

– NOKRE KYLLINGAR ER LITT STUSSELEGE, ELLER DEFEKTE OM DU VIL.

Snapa ropar for å overdøve maskinduren.

– DEI KAN HA BEIN SOM IKKJE FUNGERER, ELLER DEI KAN VERE SJUKE PÅ ANDRE MÅTAR.

Ved sida av det store samlebandet er det eit lite miniband, akkurat stort nok til å romme ein kylling i breidda. Og der dukkar altså kyllingen opp att. Like påskete og mjuk som alle dei andre kyllingane, men kanskje noko meir pjusk og medteken, blir han ført uunngåeleg mot det svarte holet i enden av samlebandet. Kyllingen er roleg. Kanskje har han innfunne seg med plass på death row.

– Kva skjer med dei?

– NEI, ALTSÅ, DEI BLIR AVLIVA OG SENDT TIL KOMPOSTERING SAMAN MED KLEKKEAVFALLET. ETTER DET KAN DEI BRUKAST TIL SÅ MANGT. FEITTET TIL DEI LITT STØRRE DYRA KAN TIL DØMES BRUKAST I KOSMETIKK.

Because you’reie worth it. Vår eigen vesle påskemaskot, Dag, har likevel vorte funne verdig for andre bruksområde, og blir dryssa ned i ei kasse full av kyllingar.

Nok ein lastebiltur. No kjem den vesle plommebiten i magen godt med, for Dag har enno ikkje fått smake sin første nebbfull kyllingfôr. Ferda går nedover Hedmarken, og sørover til Trøgstad i Østfold. Telehivet i dei avsidesliggjande vegane får dei små kyllingkroppane til å hoppe. Kor skal Dag no?

Til kyllingprodusent Svend Saxe Frøshaug, viser det seg. Han har kjøpt Dag for kroner 4,80.

– Dei er så ferske når dei kjem, veit du. Av og til er det eggeskal igjen på dei.

Frå eit vindauge i kontrollrommet skodar vi utover kyllingane. Dei er sju dagar gamle no, og vaggar rundt med tung stjert og breie bein – ikkje heilt ulikt små bleieborn.

30 dagar skal dei tilbringe her, 18 kyllingar per kvadratmeter, her skal dei ikkje gjere anna enn å ete, flakse og sove. Ja, slaraffenlivet til slaktekyllingen kan få sjølv studentlivet til å framstå som eit einaste langt gulag.

Det er her inne at Dag blir tenåring. For å overleve opphaldet, må han likevel halde seg langt vekk frå vindauga.

– Dyra kan fort bli litt aggressive om det blir for lyst i rommet, fortel Frøshaug.

– Og då skjer det lett at dei svake blir plukka på. Kyllingar er litt kannibalistiske. Du har høyrt om hakkekyllingar? Det er kanskje nokre daude der inne no, seier han og myser inn gjennom glaset.

For å redde dyra frå hakkekyllingskjebnen, går Frøshaug sjekkrundar to gonger om dagen. Finn han nokre som ser skrantne ut, er prosessen kort. Han fangar kyllinghalsen mellom hendene, og knekk bestemt til.

Det har han lært på fjørfeskulen.

– Men det er ikkje mange som stryk med her altså, roar han.

– Naturen er mykje farlegare. Her er det låg dødsrate, for tida ligg han på rundt to prosent.

Ein gong hende det at ein kylling klarte å gøyme seg frå slaktebilen. Han hadde lagt seg bak ein lem. Familien Frøshaug følte dei ikkje hadde noko anna val enn å halde han, og plasserte han i hønsehuset ved sida av låven. Der vart han og voks seg stor, til han daude etter seks månader.

– Kva døydde han av då?

– Hah. Nei, han hamna i frysaren. Sånn er det på garden, veit du.

I ly av natta, på den 30. dagen, køyrar ei rekkje lastebilar inn på tunet. Det er Dag dei har kome for å hente. Kyllingane, nesten vaksne no, er atter ein gong stua saman i mørket av eit lasteplan. Kanskje skal dei på ferie?

Motoren stoppar. Kva hender no? Det Dag ikkje veit er at gardsplassen som lastebilsjåføren har rulla inn på, tilhøyrer Nortura. Eit av slakteria deira, for å vere eksakt. Herfrå er det berre éin veg ut, og det er i frosen, plastikkinnpakka form.

No er det er natta for Dag.

– Når vi hentar kyllingane hos produsenten, vert det gjort når det er mørkt. Ein bruker så lite lys som mogleg, så dei ikkje skal kave seg opp og flakse, fortel Ellen Flø Skagen, infosjef i Nortura.

– Det er viktig at ting går roleg for seg, både for både dyra og kvaliteten sin del.

Ved tilkome til slakteriet blir plassert Dag på eit band, og blir ført sakte, men sikkert mot eit avlukke. Med eitt kjenner han at han blir han søvnig. Om det er tida på døgnet, eller om det er noko anna det skuldast, rekk han ikkje å tenkja over.

Han mistar medvitet.

– Vi har nokre som står langs slaktelinja som sjekkar at alle fuglane er ordentleg bedøva. Det er veldig, veldig viktig for oss, seier Skagen.

Rakk det vesle livet å passere i revy? Det vil vi aldri få vita. Alt vi veit er at CO2-gassen sannsynlegvis gjorde jobben sin.

– Når kyllingane er ferdig sjekka, blir dei hengt opp etter beina. Så skjer det som heitar dekapitering. Då blir kutta hovudet av, og kyllingane blør av, forklarar ho.

– Og når dei er ferdig avblødd, blir dei sendt vidare til nedskjering.

Blindern, nokre dagar seinare. Freddy Berglund, kokk i Fredrikke-kantina, klaskar ein ferdigtint kyllingkropp ned på skjerefjøla.

Det er dagen då Dag skal bli Dagens.

Det knasar i bein idet Dag blir brekt opp på langs. Bryst, lår og vingar blir separert. Overflødige skinnslintrar skore av og blir liggjande igjen. Kyllingblod ispedd smeltevatn frå frosenposen sprutar lett. Blod på bandopptakaren.

Og så, omtrent førti minutt seinare, ligg han der ugjenkjenneleg. På ei seng av basmatiris, omfamna av kantina sin currysaus, er Dag gjennomvarm etter opphaldet i omnen. Takka vere springing og baksing hos kyllingbonden, og dessutan nokre omhyggelig framavla eigenskapar, bugnar han av proteinrikt kjøt. Snart skal Dag fylle munnen til ein heldig student.

Påskemorgon sløkkjer sorga, heiter det. Aldri har vel påskemorgon hatt ein enklare jobb enn med Steinar Solås Suvatne, statsvitenskapstudent og fast kunde i Frederikke-kantina. Suvatne er svolten, og kva står på menyen? I jungelen av mattilbod var det dagen kyllingrett, eller Dag som vi òg kjenner han som, som freista den unge studenten mest.

– Ja, Suvatne. Smakar det?

– Jo, altså no smakar jo denne kyllingen veldig, veldig lite. Men det er òg det som er så fint med kylling – han passar godt til så mange matretter. For meg fungerer den mest som ein sånn, ehm, kjøttmessig fyllmasse.

– Også er det sunt, då, legg han til mellom munnfullane.

Suvatne har vanlegvis ikkje råd til å kjøpe biff, så då blir det gjerne kylling i staden. Kylling er biffen til studentane, seier han.

– Men kva viss eg seier at han kyllingresten som ligg på tallerkenen din no, ein gong var ein kjempesøt liten påskekylling ved namn Dag?

SJÅ BILETSERIE!

– Ha ha, nei – det bryr eg meg ikkje noko om. Det er jo snakk om eit dyr, trass alt. Hadde det vore eit søtt lite menneske ved namn Dag som låg her, så hadde eg kanskje brydd meg.

Overfor Dag som gav livet sitt, eller låret sitt, for at Suvatne skulle bli mett, føler han inga takksemd.

– Nei. Eg gjer ikkje det altså. Kvifor skal eg lyga? Det som er problemet med denne kyllingen – og Dag, dette kunne du tenkt litt på – er at han har trena litt for mykje. Det er ganske mykje sener og rot inni her. Men resten et eg gladeleg.

LES SAKA I UNIVERSITAS (på bokmål)!