Annlaug går internasjonalt
Med plata «November» får Annlaug Børsheim no ein edel lanseringsavtale i Storbritannia.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Annlaug går inter- nasjonalt
Debutplata til Annlaug Børsheim frå Ulvik kom ut i Noreg i mars 2010, og fekk mykje god omtale. No har ho signert lanseringsavtale gjennom den største britiske platebutikken for folkemusikk, Coda. 2. mai er plata å få kjøpt over disk i Storbritannia, og Annlaug gler seg stort over utviklinga:
– Eg er svært glad for å ha fått i stand denne avtalen og for at dei er villige til å satsa på meg. Det beste er at dette handlar om musikken, og ikkje at nokon har stått i gangen og prata for meg.
Syng på norsk i UK
«November» vart spelt inn i Cast-lesound Studio utanfor Edinburgh, med i hovudsak skotske og engelske musikarar. Plata speglar både Annlaug Børsheim sin solide bakgrunn i norsk folkemusikk, og hennar sterke relasjonar til pop/rock og britisk folkemusikk.
Berre eit fåtal britiske folkemusikarar har fått ein tilsvarande lanseringsavtale. At ein artist som syng på norsk no er inne, er oppsiktsvekkjande.
Plateslepp i mai
Spor frå «November» har allereie blitt spelt på BBC ved fleire høve. Førebels er det bestemt at Ulvik-artisten skal over og gjera nokre konsertar i samband med platesleppet i mai, og Coda jobbar opp mot turnear og festivalar.
Her heime vert Annlaug Børsheim å høyra med solokonsert under Vossa Jazz.