Større krav til Hydro

– Det betyr at Hydro må investera i Noreg, seier Ingrid Heggø, Ap, medlem i næringskomiteen på Stortinget.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den nye eigarskapsmeldinga som regjeringa la fram i går, inneheld klare forventningar til selskap som Hydro. Både når det gjeld produktutvikling og industriell utvikling i Noreg.

– Eg er veldig glad for at me no har fått klare føringar på kva me ventar av både Hydro og Statkraft. Frå Ap si side har me gått samla inn for å leggja desse føringane, seier Heggø.

I eigarskapsmeldinga står det at «målet med statens eierskap i Norsk Hydro er å opprettholde hovedkontorfunksjoner og forsknings- og utviklingsoppgaver i Norge, som et bidrag til innenlands industri- og kompetanseutvikling, arbeidsplasser og forvaltning av store norske naturressurser. Selskapet skal drives på forretningsmessig grunnlag.»

Prinsipp
Det er også lagt inn som eit prinsipp at desse selskapa skal følgja forventningane eller forklara kvifor dei ikkje vil følgja dei retningslinene som staten som stor eigar ynskjer.

– Prinsippet heiter følg eller forklar og gjeld på fleire område. Blant anna er det klare forventningar om at Hydro skal ha fleire kvinner inn i leiinga. Det er også underlagt prinsippet om følg eller forklar.

Hovudkontor i Noreg
Regjeringa har tidlegare krevd at hovudkontora til selskap som Hydro og Statkraft skal liggja i Noreg. Dette er også utvida til å gjelda heile leiarteamet i selskapa. Dei skal ha base i Noreg.

– Me ønskjer også at forsking og utvikling, særleg teknologiutvikling, skal skje i Noreg.

Eigarskapsmeldinga har også avgrensingar i høve til leiarløner, blant anna innan helseføretaka, samt etterløn og pensjonar for leiarar.

Statkraft
Statkraft får også klare føringar på seg i den nye eiarskapsmeldinga. Dei har eit spesielt ansvar i forvaltinga av vasskraftressursane i Noreg.

– Her har me klare forventningar til at dei legg til rette for industriell utvikling i Noreg, ikkje minst er lengda på kraftavtalane avgjerande viktig.

Kjempepositivt
Hilmar Høl, leiar for Årdal Ap, seier han oppfattar signala frå eigarskapsmeldinga som veldig positive.

–Me har tidlegare spela inn både til partisekretær Raymond Johansen og Jonas Gahr Støre då han var her, at me må ta vare på dei utviklingsmiljøa me har i Noreg. Det er difor veldig positivt at dei vil legga trykket den vegen. Me meiner sjølvsagt at det bør koma ei storskala satsing på den nyeaste teknologien innan aluminium i Årdal. Den bør også koma fort, alt ligg til rette for det no.

Høl legg til at både lokalpartiet og fagrørsla har vore klare på desse punkta i mange år.

– Så det er positivt at dette kjem inn i eigarskapsmeldinga på ein slik måte.

LES SAKA I SOGN AVIS!